59°17′31.250″N 18°15′22.273″E / 59.29201389°N 18.25618694°E / 59.29201389; 18.25618694

Fisksätra torg
Fisksätra marina

Fisksätra er ein tettstad i Nacka kommun i Stockholms län i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 6 864 innbyggjarar, og eit areal på 1,02 km².[1]

Historie endre

Sentrale delar av området var i alle fall frå 1562 og framover ein fattig gard under Erstavik, men gardsnamntypen og utgravde forhistoriske graver talar for at plassen var i bruk alt under vikingtida.

Høghusbusetnad blei oppført her mellom 1972 og 1974. Området består hovudsakleg av 4-5-etasjes leilighetsblokker med garasje i kjelleretasjen, og eit bakkenivå som er utilgjengeleg for bilar. Rundt høghusområdet ligg låghusområda Fiskarhöjden, Båthöjden og Fågelhöjden. Rekkehusa på Fiskarhöjden blei bygd mellom 1973 og 1974.

Kommunikasjoner endre

Fisksätra har haldeplass på Saltsjöbanan. Reisetida til Slussen i det sentrale Stockholm er rundt 20 minutter. Avstanden til Slussen er 11 kilometer.

Motorvegen Saltsjöbadsleden sluttar i Fisksätra, og held så fram som landeveg.

Kjelder endre

  1. Tätorter; arealer, befolkning 2005, Befolknings- og arealfakta frå SCB, oppdatert 10. mars 2008

Bakgrunnsstoff endre