Fister er ei bygd og eit kyrkjesokn i Hjelmeland kommune. Fister var tidlegare òg ein kommune. Det er eigen skulekrins i bygda, men borna sin skulegang er todelt. Barneskulen (1.-7. klasse) går borna her på Fister skule, medan dei går ungdomstrinnet (8.-10. klasse) på Hjelmeland ungdomsskule. Bygda har eiga kyrkje, Fister kyrkje, som vart bygd i 1867. Fister ligg fint til mot fjorden og har ein av dei høgaste gjennomsnittstemperaturane i landet[treng kjelde]. Kring 700 personar er busette på Fister[treng kjelde]. Bygda hadde ein gamleheim, men denne vart lagt ned i 2003 og vart bygd om til Fister Utleigesenter.