Fjerde Internasjonalen

Den Fjerde Internasjonalen blei danna på intitiativ frå og under leiing av Lev Trotskij i 1938. Trotskij levde i eksil etter å ha blitt landsforvist frå Sovjetunionen i 1929 av Josef Stalin. Trotskij og tilhengarane hans, som blei kalla "trotskistar", meinte dei var dei ekte kommunistane, mens stalinismen betydde ein byråkratisk kontrarevolusjon som tok frå arbeidarklassen makta i sovjetstaten. Etter at "trotskistane" blei sterkt forfølgde i Sovjetunionen og det blei uråd å hevde slike synspunkt i dei stalinistiske kommunistpartia, meinte Trotskij i 1938 tida var inne til å danne ein ny internasjonale i opposisjon til den staliniserte Tredje Internasjonalen.

Fjerde Internasjonalen

GrunnleggjararLev Trotskij
Grunnlagt1938
ForgjengarTredje Internasjonalen

Slik oppstod den Fjerde Internasjonalen, som framleis, etter fleire kløyvingar, finst under namnet United Secretariat of the Fourth International (USFI), men også blir kalla berre FI. Den Fjerde Internasjonalen blei aldri noka stor rørsle internasjonalt, men ulike «trotskistiske» grupper innanfor eller utanfor FI har spelt ei viss politisk rolle i somme land, ofte som delar av breie sosialistiske alliansar eller innanfor sosialistiske masseparti.

Kjelder endre