Fjotland
Fjotland er ein tidlegare kommune i Vest-Agder fylke, i dag ein del av Kvinesdal kommune. Fjotland var eigen kommune frå 1837 til 1840 og frå 1858 til 1963.
Kommunesoge endre
Fjotland herad vart fyrste gong oppretta ved innføringa av formannskapslovene i 1838. Alt tre år etter, i 1841, vart Fjotland innlemma i Kvinesdal kommune, og slik var det til Fjotland vart skild ut att frå Kvinesdal som eige herad i 1858. Ved andre skipinga budde det 1044 personar i heradet. Sidan det store kommunebrigdet i 1964 har Fjotland igjen vore del av Kvinesdal kommune. I denne nyaste kommunedanninga inngår også den tidlegare kommunen Feda.
Den norske kyrkja endre
Fjotland er eit sokn Lister prosti i Agder og Telemark bispedømme. Då ordninga med prestegjeld vart avvikla i 2004 høyrde soknet til Kvinesdal prestegjeld.
Vegar endre
Riksveg 42 går gjennom Fjotland. På Kvinlog kryssar den med Riksveg 465.
Kjelder endre
Bakgrunnsstoff endre
- Johan Jerstad (1949). Fjotland : Sogebok. Fjotland: Fjotland herad.
- Per Tang (1952). «Fjotland». I Arnulv Sudman. Norsk Allkunnebok IV. Oslo: Fonna Forlag. s. 470-471. [sidetalet viser til kolonnetal (to kolonnar pr. side)]