Fleirtalsregjering

Ei fleirtalsregjering er ei regjering som har støtte hos majoriteten av representantane i nasjonalforsamlinga i statar med parlamentarisme.

I Noreg endre

Stortinget, som er nasjonalforsamlinga i Noreg, har no av 169 mandat eller representantar frå ulike parti. Både enkeltparti, og eit samarbeid av fleire parti, ein koalisjon, kan danne regjering - sjå koalisjonsregjering.

Dersom eit parti, eller ein koalisjon av fleire parti, etter eit stortingsval har 85 mandat eller fleire, kan dei danne ei fleirtalsregjering. Ei fleirtalsregjering vil vanlegvis ikkje ha vanskar med å få gjennom sine forslag i Stortinget. Dette medfører at dei viktigaste drøftingane av sakene skjer i regjeringa, og mellom regjeringa og stortingsgruppene til regjeringspartia. Dermed vil sakene ofte vere avgjorde når dei kjem til formell handsaming i Stortinget. Dette gjer igjen at opposisjonen har vesentleg mindre innflytelse enn når regjeringa er ei mindretalsregjering.

Viss eit parti, eller ein koalisjon av fleire parti, har mindre enn halvparten av representantane, kan dei likevel danne regjering. Dette blir då ei mindretalsregjering. Viss regjeringa er i mindretal, så er den avhengig av støtte frå eitt eller fleire andre parti for å oppnå fleirtal ved voteringar i Stortinget.

Regjeringa Bondevik II var ein mindretals-koalisjon, medan Regjeringa Stoltenberg II er ein fleirtals-koalisjon.