Flekkbrystjuvel
Hofugl til venstre, hannen til høgre, illustrasjon av John Gerrard Keulemans, 1902
Hofugl til venstre, hannen til høgre, illustrasjon av John Gerrard Keulemans, 1902
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av flekkbrystjuvel
Utbreiinga av flekkbrystjuvel
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Trochilinae
Stamme: Lampornithini
Slekt: Lampornis
Art: Flekkbrystjuvel L. sybillae
Vitskapleg namn
Lampornis sybillae

Flekkbrystjuvel (Lampornis sybillae) er ein fugl i kolibrifamilien og er endemisk for området Sentral-Amerika med utbreiing i både Honduras og Nicaragua.

Skildring endre

 
Flekkbrystjuvel, hofugl. Foto frå La Tigra National Park, Honduras.
Foto: Dominic Sherony

Flekkbrystjuvelar er 11 til 12 centimeter i kroppslengd, har rettpeikande svart nebb og gjennomgåande grøn overside med lysare underside, mørke venger og hale, som typisk i Lampornis-slekta. Ein finn dessutan den karakteristiske kvite stripa frå auga ned mot akslene i kontrast til eit mørkt felt på undersida av stripa, som dei andre i slekta. Det som er særmerkt for flekkbrystjuvelar er for hannfuglar glitrande grøn strupe, elles grøn underside, for hofuglar utvaska raudbrunt i strupeområdet og grøne fjører i undersida.[1]

Flekkstrupejuvelar lever i høgder mellom 1400 og 2200 moh. i fuktig skog i relativt avgrensa habitat; i Honduras og litt inn i nordvestlege Nicaragua.

Populasjonen er ikkje estimert, arten er skildra som vanleg i utbreiingsområdet. Han er klassifisert som livskraftig.[2]

Kjelder endre

Referansar
  1. Chai et al, 2016
  2. BirdLife International (2016)

Bakgrunnsstoff endre