Flekkefjord kommune

kommune i Agder fylke i Noreg

Flekkefjord er ein bykommune heilt vest i Agder fylke. Flekkefjord er ein kystkommune som grensar til Sokndal og Lund i Rogaland fylke i vest, til Sirdal i nord og til Kvinesdal og Farsund i aust.

Flekkefjord kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Agder
Adm.senter Flekkefjord
Areal 544,07 km²
 - land 483 km²
 - vatn 61,07 km²
Folketal 9 279  (1. januar 2024)
Målform bokmål
Ordførar Torbjørn Klungland (Framskrittspartiet)
Kommunenr. 4207
Kart
Flekkefjord kommune
58°19′38″N 6°40′00″E / 58.327222222222°N 6.6666666666667°E / 58.327222222222; 6.6666666666667
Wikimedia Commons: Flekkefjord
Nettstad: www.flekkefjord.kommune.no

Flekkefjord er den av bykommunane langs Sørlandskysten som ligg lengst vest. Kommunesenteret ligg nært E39, om lag midt mellom Kristiansand og Stavanger. I tillegg til bysenteret omfattar Flekkefjord kommune òg tettstadane og bygdene Sira, Gyland, Rasvåg og Kirkehavn.

Flekkefjord kommune er resultatet av kommunesamanslåing i 1965. I tillegg til Flekkefjord inkluderer kommunen dei tidlegare kommunane Nes, Hidra, Gyland og Bakke.

Historie endre

I Flekkefjord er det er nesten 4 sjømil frå indre fjord til ope hav. Indre fjordbasseng er stort nok til å romme mange skip og båtar for anker og er fritt for sterk vind eller straum. I seglskutetida var det mange skip som låg der i vinteropplag. Då hollendarane begynte å fylle ut sine hamneområde med stein, kom dei til Noreg for å hente han. Flekkefjord hadde rikeleg av den vara. Ein bydel har fått namn etter dette: Hollenderbyen. Mange unggutar frå distriktet tok hyre med desse båtane.

Byen fekk kjøpstadrettar i 1842 etter langvarig dragkamp med mellom anna Kristiansand. Med kjøpstadretten følgde nemleg ymse einerettar som gav gode inntekter.

Byen har hatt opptil 5 tønnefabrikker, den siste blei nedlagt i 1960-åra. I periodar var produksjonen stor - silda kom inn fjorden og tønnene trongst rett utanfor stovedøra. Det var eit tilsvarande tal garveri, basert på at skip frå byen drog ut for å hente eikebark (quebracho) som blei brukt som garvemiddel. Dei siste var Dalens Garveri (sålelær) og Årnes Garveri (skinn til mellom anna ranslar og damevesker). Årens Graveri er framleis i drift. Ein stor del av brannbilane som er i bruk i Noreg i dag blei tidlegare bygd opp i dei gamle tønnefabrikklokala, men produksjonen er no flytt til moderne lokale i Nulandsvika.

Flekkefjord kom tidleg i gang med skulevesen - både vidaregåande, fagskule og husmorskule. I tillegg kom privat gymnas, der mellom anna forfattaren Jens Bjørneboe gjekk ein periode før krigen. Etter krigen vart skulen overteken av Morten Ringard som dreiv realskule der. Skulen hadde ikkje eksamensrett, så elevane blei eksaminerte i alle fag før dei fekk papir som slapp dei vidare. Dei fleste klarte det på to år. Mange elever frå heile landet fekk ein ny sjanse der.

Venskapsbyar endre

Kultur endre

Avisa Agder er for tida einaste avis i Flekkefjordsområdet. Tidlegare hadde avisa konkurranse frå Flekkefjordsposten.

Kjende flekkefjæringar endre

Bakgrunnsstoff endre

58°17′49.4″N 6°39′38.5″E / 58.297056°N 6.660694°E / 58.297056; 6.660694