Flemming Davanger

Flemming Davanger (fødd 1. april 1963) frå Bergen, er ein norsk curlingspelar som bur i Bærum.

Flemming Davanger
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. april 1963 (60 år)
Bergen
Idrett curling
Tok del i

Vinter-OL 2006, Vinter-OL 1992, Curling under Vinter-OL 2002

I sitt tredje Junior-VM i curling i 1983 spela Davanger toar med Pål Trulsen som skip, og vann sølv, etter finaletap for Canada med John Base i spissen. I 1986 spela Davanger sitt første VM i curling, som trear med Tormod Andreassen som skip. Dette VM enda med ein sjetteplass. Seinare same året vann dei bronse i Curling-EM i 1986.

Hans neste internasjonale resultat var under Vinter-OL 1992, der curling var demonstrasjonsgrein. Her spela han saman med Tormod Andreassen igjen, og dei enda opp med sølv. Etter nokre dårlege resultat i VM flytta han og fekk Pål Trulsen som skip igjen. Deira første VM saman var i Curling-VM 1999, der dei enda opp på ein 5. plass. Året etter fekk dei ein 7. plass, men i Vinter-OL 2002 vann dei endeleg gull, og sølv i VM same året.

Flemming Davanger har og fått bronse i Curling-VM 2003, bronse i Curling-EM 2004 og gull i EM 2005.

Bakgrunnsstoff endre