Flesk er feitt kjøt, særleg frå svin. Det er tidlegare òg bruka som ei generell nemning for svinekjøt. Det tyske ordet Fleisch tyder ganske enkelt 'kjøt'.

Flesk frå svin
Grilla bacon.

Flesk er ein viktig komponent i tradisjonell norsk mat, som fleskesuppe, steikt flesk eller pannekaker, men det høge feittinnhaldet har gjort flesket mindre populært i nyare tid. Ei populær form av flesk er røykt, lettsalta sideflesk, kjend under det engelske namnet for flesk, «bacon».[1]

Flesk i kulturen endre

Ordet «flesk» vert også brukt i andre samanhengar, ofte som skjemt. «Sideflesk» eller berre «flesk» kan visa til kroppsfeitt hos folk. Å «selje flesk» viser til det å gå med for kort kjole slik at underkjolen viser. Det engelske uttrykket «to save [some]one's bacon» tyder at ein reddar skinnet sitt, eller det til nokon andre, frå større eller mindre skade.

«Flesk» kan også brukast om rikdom, noko uturvande eller noko urealistisk. Om noko «kostar flesk» er det svært dyrt. Å «sitje på flesket» vil seia at ein sit godt i det utan å dela med andre. Det engelske omgrepet «bringing home the bacon» viser til å tena mykje eller nok pengar.

«Smør på flesk» er ein pleonasme som ofte blir brukt for å omtala liknande overflødige utsegner. «Valflesk» viser til lovnader gjevne før eit val som ikkje blir oppfylte seinare. Eit liknande engelsk uttrykk, «pork barrel», altså ei tynne røykt svineflesk, viser til politiske vedtak eller tildelingar som blir gjort berre for å vinna røyster.

Kjelder endre

  1. «bacon» i Nynorskordboka.