Flimmerdyr

rekkje av urdyr som er særmerkt av flimmerhår
Flimmerdyr
Systematikk
Rike: Det gule riket Chromista
Underrike: Harosa
Infrarike: Halvaria
Rekkje: Flimmerdyr Ciliophora
Doflein, 1901

Infusjonsdyr, flimmerdyr eller ciliatar er ei biologisk rekkje av eincella organismar som lever nesten overalt der det finst vatn. Dei er kjenneteikna av at dei har to ulike slags cellekjernar og er kledd med flimmerhår, anten heile livet eller, hjå klassen Suctoria, berre i ungdomsstadia.[1] Organismane kan bruka flimmerhåra til å symja, kravla, føla, ta inn mat og halda seg fast.

Skildring endre

 
Cellestrukturen i eit flimmerdyr: 1 Samantekkjane vakuole, 2 fordøyande vakuole, 3 makrokjerne, 4 mikrokjerne, 5 cytoprocto (celleanus), 6 cytopharynx, 7 cellemunn, 8 flimmerhår.

Dei fleste typar flimmerdyr er frittsymjande og tilnærma kule- eller eggforma. Nokre artar er avflata og nokre er fastsitjande.

Flimmerdyra skil seg frå mange andre eincella organismar gjennom å ha spesialiserte celleorgan, organeller, som har bestemt plass i kroppen slik at ein tydeleg kan skilja mellom over- og undersida til ein organisme. Dei har eit seigt protoplasmalag ytst, ektoplasma, med hud (pellicula), og meir tyntflytande entoplasma inni.

I entoplasmaet finst pigmentkorn, krystallar og nærings- og pulsereade vakuolar (blærer). Dei har to ulike cellekjerner: Storkjernen, macronucleus, som regulerer rørsle og stoffskifte, og like ved ein småkjerne, micronucleus, som regulerer kjønnsprosessen. Denne mindre kjernen ligg ofte i ei innbukting av den store.

Flimmerdyra tek opp næring gjennom cellemunnen, som ofte ligg i botnen av ei flimmerhårkledd grop eller fure (munnfelt) på framkroppen. Munnen fortset i eit traktforma svelg inn i entoplasmaet. Ufordøyde næringsrestar blir utstøytte av kroppen gjennom celleanus.

Det finst over 8000 artar flimmerdyr. Dei er delte i fire klassar: Holotricha, Peritricha, Suctoria og Spirotricha.

Kjelder endre

  1. «infusjonsdyr» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre