Flims (retoromansk Flem) er ein kommune i distriktet Imboden i den sveitsiske kantonen Graubünden. Kommunen har 2 660 innbyggjarar (2010) og eit areal på 50 km². Kommunesenteret ligg 1081 meter over havet. Tysk er dominerande talemål i kommunen.

Flims
Flims Dorf under "Flimserstein"
Flims Dorf under "Flimserstein"
Flims Dorf under "Flimserstein"
Kommunevåpenet til Flims
Kommunevåpenet til Flims


Plassering
Flims is located in
Styresmakter
Land  Sveits
Kanton Graubünden
Distrikt Imboden
Geografi
Flatevidd
 - kommune

50,46 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

2 660
  52,7 /km²
Koordinatar 46°50′0″N 9°17′0″E / 46.83333°N 9.28333°E / 46.83333; 9.28333
Høgd over havet 1081 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 7017-7019
Nettstad: www.gemeindeflims.ch

Flims består av landsbyen Flims (kalla Flims Dorf) og grendene Fidaz og Scheia samt Flims-Waldhaus. Flims er særleg kjend for Flims-raset, det største steinraset på jorda som er synleg. Landsbyen ligg nær ved der glideflata til raset forsvinn under dei utrausa steinmassane.

Flims Waldhaus

Kommunen ligg i Trin kreis. Flims ligg på ein terrasse nord for Rhinendalen, som dannar kløfta Ruinaulta her. Caumasee og Crestasee ligg sør for byen i Flimsraset.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre