Flodaigh i Ytre Hebridane

Flodaigh er ei lita øy i Loch Roag på vestsida av Lewis i Ytre Hebridane i Skottland. Ho er om lag 33 hektar stor og det høgaste punktet på øya ligg 48 meter over havet. Namnet kjem frå norrønt for «flat øy».

Flodaigh
Geografi
Flodaigh i Ytre Hebridane is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 58°11′N 6°55′W / 58.18°N 6.91°W / 58.18; -6.91
Øygruppe Ytre Hebridane

Areal 0,33 km²

Høgaste punkt 48 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane

Demografi
Folketal 0

Øya var busett fram til 1827 då ho vart reinska for folk slik at ein kunne nytte ho til sauehald..[1]

Den vesle øya Gousam ligg nordaust for Flodaigh og dei større øyane Fuaigh Beag og Fuaigh Mòr lenger aust.

Kjelder endre

  1. Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. s. 306. ISBN 1841954543.