Flogging Molly er eit irsk-amerikansk pønkeband («keltisk pønk») som blei danna i 1997 i Los Angeles. Medlemmer i bander er George Schwindt, Bridget Regan, Matt Hensley, Bob Schmidt, Dennis Casey, Nathen Maxwell og Dave King.

Flogging Molly. (Foto: Shawn Bishop.)

Flogging Molly har gjeve ut fire album: Swagger, Drunken Lullabies, Within a Mile of Home, og Whiskey on a Sunday. I tillegg har dei gjeve ut konsertalbumet Alive Behind the Green Door. Songane deira viser ofte til tema som den katolske kyrkja, drikking og sjørøvarar. Gruppa er blitt påverka av irske The Pogues, The Dubliners, Stiff Little Fingers, og countryartistar som Johnny Cash.

Gruppa har turnert mykje saman med New York-bandet Gogol Bordello, som er kjent for sin sigøynaraktige pønkemusikk.

Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.