Florence Crauford Grove (18381902) var ein engelsk fjellklatrar og forfattar.

Florence Grove
Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 1838
Død

1902 (64 år)
London

Yrke fjellklatrer
Far William Robert Grove
Florence Grove på Commons
Elbrus i Kakausus, høgste fjellet i Europa
Forsida på boka The Frosty Caucasus

Grove vart ein erfaren fjellklivar sist i 1850-åra. Han vart medlem av Alpine Club kort etter foreininga vart skipa i 1857, seinare var han formann frå 1884 til 1886.[1] Han var ein av dei beste britiske klatrarane i samtida, og vert hugsa for i 1870-åra å vere imot klatrng utan førar. Åra 1863-64 var han den fyrste på tre av stortoppane i Alpane, og ti år seinare leia han ekspedisjonen som vart den fyrste på toppen av det høgste fjellet i Europa; Elbrus.

Fyrstebestigingar endre

  • Dent d'Hérens - 12. august 1863, saman med Reginald S. Macdonald, Montagu Woodmass, William Edward Hall og fjellførarane Melchior Anderegg og Peter Perren
  • Parrotspitze - 16. august 1863, saman med Reginald S. Macdonald, Montagu Woodmass, William Edward Hall, Melchior Anderegg og Peter Perren
  • Zinalrothorn - 22. august 1864, saman med Leslie Stephen og fjellførarane Jakob Anderegg og Melchior Anderegg
  • Vesttoppen av Elbrus - 1874, saman med Frederick Gardner, Horace Walker, Peter Knubel og fjellføraren Ahiya Sottajev.[2]

Notar endre

  1. A. L. Mumm, The Alpine Club Register (London, 3 vols, 1923–28)
  2. Florence Crauford Grove, The Frosty Caucasus (London, Longmans, Green & Co, 1875)

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Florence Grove