Eit fly er eit luftfartøy med faste venger. Dette medfører at eit fly, til forskjell frå eit helikopter, ikkje kan «stå stille» i lufta; det har ein viss minimumsfart. Ved ein lågare fart vil ikkje flyet kunne halda seg i lufta. Vengene nyttar «fartsvinden» til å skape løftekrafta som skal til for å halda maskinen i lufta.

Verdas fyrste motoriserte flytur i 1903.
Verdas største passasjerfly, Airbus A380.

Historie endre

Dei fyrste flygepionerane eksperimenterte med glidefly. Ibn Firnas stod for det fyrste dokumenterte forsøket i 875, då han utførte ei glidefyging i ein andalusisk dal[treng kjelde]. Wright-brørne, Wilbur og Orville Wright, studerte nedteikningane til tidlegare slike flygarar, som Otto Lilienthal, då dei utvikla sin motorisert flygemaskin. Den 17. desember 1903 gjennomførte dei to brørne den aller fyrste vellukka flyginga med denne maskinen.[1]

Dei fyrste tjue åra hadde flya alltid to eller fleire sett med venger (biplan og triplan), men under den første verdskrigen gjekk teknologien gjennom ei rivande utvikling, både med tanke på aerodynamikk og med utvikling av lette, men ytelingsdyktige motorar

Under den andre verdskrigen tok flyutviklinga nok eit stort sprang. Dei store bombeflya ein framstilde då lærte flyfabrikkane å «byggja stort». Med den nye kunnskapen og jetmotoren hadde fabrikkane reiskapane til å skapa de store passasjerflya som vart grunnlaget for den store veksten i den sivile luftfarten i 1960-åra.

Flytypar endre

Skycar er eit forsøk på å lage ei kryssing mellom ein bil og eit fly.

Referansar endre

  Denne teknologiartikkelen som har med transport å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.