Flyktningerennet er eit 44 km langt skiløp som startar i Nordli i Lierne på norsk side og går over grensa til Gäddede i Strømsund kommune i Sverige. Eit kortare renn går samstundes siste 15 km av same løypa. Rennet går i klassisk stil. Det er til minne om dei som måtte rømme til Sverige i andre verdskrigen, og går i ein kjend flyktningetrase. Første gongen rennet vart arrangert var i 1950, og med eit unntak har det gått årleg sidan. I 2009 samla rennet 1800 deltakarar.

Spire Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.