Folda

Wikimedia-fleirtydingsside

Folda (norrønt Fold eller Foldin, 'den breie fjorden') er eller har vore namnet på fire norske fjordar:

Folda og Oslofjorden endre

Fold, frå sogetida Folda, var den historiske nemninga på Ytre Oslofjord, frå Drøbaksundet til Færder, og landområda omkring, særleg Vestfold og Follo. Namnet Follo kjem frå 'Fold-lo', «Foldsletta». Namnet lever òg att i fylksnamnet Østfold.

Oslofjorden var frå gamalt nytta om fjorden innanfor, frå Drøbak opp til gamle Oslo[treng kjelde].

Folda på Møre endre

Fold var det gamle namnet på FoldfjordenErtvågøyaNordmøre.

Folda i Namdalen endre

Folda er ytterdelen av den store fjorden i Namdalen. Lenger inn vert fjorden kalla 'Foldfjorden'.

Folda i Salten endre

Folda er ytterdelen av fjorden som delar seg i armane Sørfold og Nordfold. Namnet vart tidlegare òg bruka om bygdene omkring fjorden.

Lenkjer endre

Kjelder endre