Folen (frå latin Equuleus) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula. Det var eit av dei 48 stjernebileta som vart ført opp av astronomen Klaudios Ptolemaios på 100-talet, og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta. Det er det nest minste av dei moderne stjernebileta (etter Sørkrossen), og dekkjer berre 72 kvadratgrader. Det er òg lyssvakt og har ingen stjerner lysare enn 4. storleiksklasse.

Folen
Folen
Folen
Latinsk namn Equuleus
Forkorting Equ
Genitivsform Equulei
Symbologi Namngitt av Hippark
Rektasensjon 21 h
Deklinasjon 10°
Areal 72 kvadratgrader
nr. 87 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
Ingen
Sterkaste stjerne Kitalfa (α Equ) (3,92. mag.)
Meteorsvermar

Ingen

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +90° og −80°

Kjende objekt endre

 
Stjernebiletet Folen slik det er for det nakne auga.

Stjerner endre

Den mest lyssterke stjerna i Folen er Alfa Equulei, tradisjonelt kalla Kitalpha. Ho er ei gul stjerne med storleiksklasse 3,9, 186 lysår frå jorda.

Det er nokre få variable stjerner i Folen. Berre kring 25 er kjende, og dei fleste er lyssvake. Gamma Equulei er ei Alfa CVn-stjerne, som varierer mellom storleiksklassane 4.58 og 4.77 over ein periode på kring 12,5 minutt. Ho er ei kvit stjerne 115 lysår frå jorda, og har ein optisk følgjestjerne med storleiksklasse 6,1, 6 Equulei. Dei er synlege i kikkert.[1] R Equulei er ein Mira-variabel som varierer i storleiksklassane 8,0 til 15,7 over nesten 261 dagar.

Folen har nokre interessante dobbeltstjerner. γ Equ består av ei primærstjerne med storleiksklasse kring 4,7 (noko variabel) og ei sekundærstjerne med storleiksklasse 11,6, skild av 2 bogesekund. Epsilon Equulei er ei trippelstjerne som òg har nemninga 1 Equulei. Systemet ligg 197 lysår unna. Primærstjerna har storleiksklasse 5,4 og er i sg sjølv ei dobbeltstjerne med storleiksklasse 6,0 og 6,3 og ein periode på 101 år. Den sekundære har storleiksklasse 7,4 og er synleg i små teleskop. Komponentane av primærstjerna kjem tettare kvarandre og vil ikkje vere mogeleg å skilje frå kvarandre i amatørteleskop etter 2015.[1] δ Equ er ei dobbeltstjerne med ei omlaupstid på 5,7 år, som ein gong var den kortaste kjende omlaupstida for ei optisk binærstjerne. Dei to komponentane i systemet er aldri meir enn 0,35 bogesekund frå kvarandre.

Djupromsobjekt endre

På grunn av den vesle storleiken og avstanden frå planet i Mjølkevegen, har ikkje Folen nokre spesielle djupromsobjekt. Det finst nokre særs lyssvake galaksar mellom storleiksklassar 13 og 15, som NGC 7015, NGC 7040, NGC 7045 og NGC 7046.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Ridpath & Tirion 2001, s. 144-145.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Folen