Folkeregisteret, offisielt Det sentrale folkeregister, er eit offentleg register over alle personar som har tilknyting til Noreg. Registeret vert halde ved like av Skattedirektoratet.

Hovudnøkkelen til informasjonen i folkeregisteret er fødselsdato og personnummer som til saman er fødselsnummer. Fødselsnummeret er bygd opp slik: ddmmåå iiicc der dd = fødselsdag, mm = fødselsmånad, åå = to siste siffer av fødselsår, iii er individnummer og cc er ein kontrollsum. Med denne måten å byggje opp personnummer på kan ein ikkje ha fleire enn 999 innbyggjarar som er fødde same dagen.

Registeret gir grunnlag for mellom anna skatte- og vallister. Det gir også grunnlag for statistikk som er viktig for planlegging av offentlege tenester.

Både offentlege og private verksemder bruker opplysningar frå folkeregisteret og er difor avhengige av at desse er rette. Der ein person er registrert som busett, avgjer som regel i kva for kommune ein har rett til ytingar.

Mange offentlege register knyt personnummeret til ein eigedom, ein bil, eit sertifikat, eit firma, ei fastlegeliste osb. Ved namneendring eller adresseendring vil endring i folkeregisteret vere nok, då namn og adresse vert henta i folkeregisteret ved bruk av personnummeret.

I utgangspunktet kan ikkje andre enn verksemder og organisasjonar som har rapporteringsplikt til Skattedirektoratet etter søknad få tilgang til informasjon frå folkeregisteret. Datatilsynet har gjeve mellom anna sjukehus og kredittopplysningsføretak rett til å bruke fødselsnummer. Teieplikt omfattar ikkje fødselsnummer.[1] Heller ikkje etter personopplysningslova er fødselsnummer sett på som ei sensitiv opplysning.

Fotnotar endre