Fontainebleau er ein by og kommune sentralt i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Seine-et-Marne i regionen Île-de-France, og har om lag 15 000 innbyggjarar. Byen ligg 55,5 km frå sentrum av Paris og høyrer til Paris sitt storbyområde.

Fontainebleau
Sentrum av Fontainebleau
Sentrum av Fontainebleau
Sentrum av Fontainebleau
Byvåpenet til Fontainebleau
Byvåpenet til Fontainebleau
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Île-de-France
Seine-et-Marne
Geografi
Flatevidd 172,05 km²
Flatevidd
 - By

172,05 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

15 942
  93/km²
Koordinatar 48°24′N 02°42′E / 48.400°N 2.700°E / 48.400; 2.700
Høgd over havet 69 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 77300
Heimeside: https://www.fontainebleau.fr/
Nettstad: www.fontainebleau.fr
Plassering

I lag med nabokommunen Avon og tre mindre kommunar dannar Fontainebleau eit byområde med 36 713 innbyggjarar (1999). Dette urbane området er ein drabantby til Paris.

Fontainebleau er kjend for den store og vakre Fontainebleauskogen, som mange innbyggjarar i Paris vitjar i helgene. Her ligg òg Château de Fontainebleau som kongane i Frankrike budde i og INSEAD, ein av dei fremste handelshøgskulane i verda.

Historie endre

Under den franske revolusjonen fekk Fontainebleau mellombels namnet Fontaine-la-Montagne, som tyder «Fontenen ved fjella» (fjellet det er snakk om er ei rekkje steinformasjonar i Fontainebleauskogen).

På 1950- og 1960-talet var Fontainebleau hovudkvarter for AFCENT, før det vart flytta til Brunssum i Nederland då president Charles de Gaulle avgjorde at han ikkje lenger ville ha NATO sine atomvåpen på fransk jord, sidan Frankrike no hadde sitt eige atomarsenal.

Turisme endre

Fontainebleau er ein populær turiststad. Kvart år vitjar 300 000 turistar palasset, medan om lag 11 millionar vitjar skogen.

Fontainebleauskogen endre

Fontainebleauskogen ligg rundt byen og fleire landsbyar. Han vert rekna som ein nasjonalpark, og var tidlegare ein kongeleg jaktpark. Segna seier at skogen vart gjeve til Robin Hood av Richard Løvehjarte.

Bakgrunnsstoff endre