Forbrenning er ei form for kjemisk reaksjon mellom eit drivstoff og eit oksidasjonsmiddel. Oksygen er eit vanleg oksidasjonsmiddel og gir mykje energi i ein slik eksoterm reaksjon.

I ei fullstendig forbrenning med oksygen er det meir enn nok oksygen, og det blir danna karbondioksid (CO2) og vatn (H2O).

Ca 90 % av alt energibruk på jorda skjer i forbrenningsreaksjonar, der gass og olje er involvert i ca. 55%. Dette er ei kjelde til global oppvarming, då forbrenning av fossilt brensel fører til store utslepp av CO2. Eksempel på energibruk av menneske er oppvarming, produksjon av kraft, transport og industri.

Det finst ulike typar forbrenning, der oksidasjonsmiddel, energi og sluttprodukt av prosessen kan variera. Eit eksempel er rakett- og motorsport-brensel, der hydrogen og oksygen reagerer og kan produsera vassdamp, og dinitrogenoksid kan vera oksidasjonsmiddel ved høg temperatur. Dette kan produsera mykje lys- og varme-energi. Eit anna eksempel er at menneske og dyr pustar, også kalla celleanding. Dette er ei langsam forbrenning ved låg temperatur, som m.a. produserer CO2. Eit tredje eksempel er ein forbrenningsmotor. Ein slik motor har ufullstendig forbrenning av bensin, og slepp ut m.a. karbonmonoksid som er giftig i for store mengder.[1]

Kjelder endre

Referansar endre

Sjå òg endre