Force India er eit indisk Formel 1-lag oppretta i 2007 av den indiske forretningsmannen Vijay Mallya saman med nederlendaren Michiel Mol. Saman kjøpte dei Spyker F1-stallen for 88 millionar euro.

Adrian Sutil fotografert under testar for Force India i januar 2008

Bakgrunn endre

Sjølv om laget vart oppretta i 2007, kan røtene sporast tilbake til 1991, då forretningsmannen Eddie Jordan oppretta Jordan Grand Prix. Det britiske laget vart kjøpt av Midlandgruppa i 2005 og gjekk sesongen 2006 som Midland F1 før laget vart kjøpt opp av nederlandske Spyker Cars N.V. ved slutten av sesongen. Det like kortliva Spyker F1 fekk konkurrere ein sesong, før laget igjen vart seld. 24. oktober 2007 kunngjorde FIA namnebytet til Force India.[1]

2008-sesongen endre

Bilane som Force India nytta i denne sesongen var modifiserte Spyker F8[2] chassis som går under det nye namnet Force India VJM01. Stallen nytta motorar frå Ferrari i ei avtale som gjekk fram til 2010.[3] . Force India hadde kontrakt med Adrian Sutil frå den gamle Spyker F1-stallen og Giancarlo Fisichella som kom frå Renault F1.

Referansar endre

  1. «FIA approve Spyker's Force India name change». Formula 1 Website (Formula One Administration Ltd). 24. oktober 2007. Henta 24. oktober 2007. 
  2. «Force India sticking with the F8-VII». uk.eurosport.yahoo.com. 13. november 2007. Henta 16. november 2007. 
  3. «Spyker's Dr Vijay Mallya». Formula One. Henta 24. oktober 2007. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Force India


Konstruktørar og førarar som konkurrerer i Formel 1 meisterskapen i 2008
  Ferrari   BMW Sauber   Renault   Williams   Red Bull   Toyota   Toro Rosso   Honda   Super Aguri   Force India   McLaren
  Räikkönen
  Massa
  Heidfeld
  Kubica
  Alonso
  Piquet
  Rosberg
  Nakajima
  Coulthard
10   Webber
11   Trulli
12   Glock
14   Bourdais
15   Vettel
16   Button
17   Barrichello
18   Sato
19   Davidson
20   Sutil
21   Fisichella
22   Hamilton
23   Kovalainen