Forsand kommune

Tidlegare kommune i Rogaland
Tidlegare Forsand kommune
Komm.nr. 1129
Fylke Rogaland fylke
Slått saman med Sandnes kommune
Dato for samanslåing 1. januar 2020
Adm.senter Forsand
Areal 780 km²
Folketal ved samanslåing 1 246
Politikk
Siste ordførar Bjarte S. Dagestad (H)
Målform nynorsk
Nettstad forsand.kommune.no

Forsand er ein tidlegare kommune i Rogaland fylke. Kommunen vart slått saman med Sandnes kommune 1. januar 2020. Det meste av arealet gjekk til Sandnes, men eit mindre område rundt Preikestolen blei overført til Strand kommune, ca. sju prosent av totalarealet.[1]

Folketalet per 1. januar 2018 var 1 246, landarealet var 780 km² og siste ordførar var Bjarte S. Dagestad.

Kommunesenteret var Forsand, der dei fleste innbyggjarane bur. Jordbruk og vasskraftproduksjon er viktigaste næringsvegar.

Forsand, 1985
Kommunevåpen

Av ting som er verdt å sjå i området for tidlegare Forsand kommune er Preikestolen, som er eit fjellplatå om lag 600 m over Lysefjorden. Det lokale namnet er Hyvlatånnå.

Lysefjorden er lang og smal med steile sider, og vart i si tid skildra av Jules Verne som særleg fryktinngytande. Namnet har fjorden etter den lyse granitten i fjellsidene. Elles er fjellmassivet Kjerag nær Lysebotn ein populær stad for basehopparar og fjellklatrarar frå mange land, med sine 1000 meter nesten loddrett ned i Lysefjorden. Her ligg Kjeragbolten, ein rund stein 3-4 meter stor, som er kilt i ein fjellsprekk ytst på Kjeragplatået.

På Forsandmoen er det funne restar etter ein landsby frå slutten av eldre jernalder, og det er bygd eit besøkssenter, kalla Landa. Her finst kopiar av hus frå jernalderen og bronsealderen. Ein meiner det har budd folk her frå om lag 1500 fvt. til om lag år 600. Eit par kilometer frå Landa ligg ei endemorene i sørenden av Haukalivatnet. Det var denne morenen som om lag 1823 fekk professor Jens Esmark til å setja fram teorien om at heile Skandinavia hadde vore dekt av is.

Folk frå Forsand endre

Kjelder endre

Referansar

Bakgrunnsstoff endre