Forstørring er i optikk tilhøvet mellom utstrekkinga av eit objekt og utstrekkinga av biletet av objektet. Forstørringa er altså eit forholdstal som kan vere større, lik eller mindre enn éin. I det siste tilfellet talar vi om ei forminsking.

Frimerket verkar større enn det er fordi det vert forstørra gjennom eit forstørringsglas.

Ein nyttar forstørring til å skalere opp bilete for å kunne sjå fleire detaljar. Døme på forstørringsapparat er lupe, teleskop, mikroskop og lysbiletapparat.

Kjelder endre