Forstadsbane er skjenegåande persontransport mellom ein by og ein eller fleire forstadar. Han går helt på eigen trasé, skjerma frå annan trafikk. Forstadsbane er ein funksjon, ikkje ein spesiell type materiell, både sporvogn, tunnelbane og jarnbane kan vera forstadsbanar. For liner som går både som forstadsbane og som sporvogn, har omgrepet bybane blitt nytta.

Når ei sporvogn køyrer på eigen trasé som forstadsbane, er det etter eit regelverk heimla i Jernbanelova. Når ho køyrer gatelangs, er det etter reglar heimla i Vegtrafikklova.

Spire Denne transportartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.