19°40′N 71°50′W / 19.667°N 71.833°W / 19.667; -71.833

Fort-Liberté is located in Haiti
Fort-Liberté avmerkt på Haiti-kartet

Fort-Liberté (haitisk: Fòlibète) er ein by i Haiti og hovudstad i departementet Nord-Est.

Byen vart grunnlagd av franskmennene i 1578, og er såleis ein av dei eldste i landet. Han ligg i ei bukt og er omgjeven av fleire fort. Det mest kjende er Fort-Dauphin, som vart bygd i 1732. Dei to andre forta ved bukta er Fort-Lachatre og Labouc eller Fort-Labourque.

Byen vart kalla Bayaha av indianarane og spanjolane; franskmennene kalla han Fort-Dauphin. Men då landet vart sjølvstendig i 1804, fekk byen det noverande namnet sitt.

Etter at Henri Christophe utropte seg sjølv til kong Henri I av Haiti i 1811, gav han byen namnet Fort-Royal, men etter at han døydde (i 1820) vart han heitande Fort-Liberté igjen.

Kjelder endre