Foster (av norrønt fóstr) er avkom som ikkje er fødd eller klekt ennå, og som ligg verna i morslivet eller i eit egg.

Ti veker gammalt menneskefoster teke ut under ein operasjon.

Innan embryologi reknar ein embryoet som foster i det siste utviklingsstadiet. Hjå menneske vil dette seia frå tredje månad i svangerskapet til fødselen, eller frå veke 9 etter befruktinga.

Placentale pattedyr har ei morkake til kvart foster som utveksler næring og avfallsstoff med mora. Hjå pungdyr, som ikkje har ei slik morkake, blir avkommet fødd etter eit svært kort svangerskap og fortset utviklinga som ein fosterliknande joey i pungen.

Bakgrunnsstoff endre

  Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.