Fotogrammetri er faget, vitskapen og den indirekte måleteknikken som vert nytta når ein ved hjelp av fotografiske eller digitale bilete observerer og avgjer eigenskapar som til dømes plasseringa, forma, storleiken og identiten for avbilda terreng eller andre lekamar.

Sjølve ordet «fotogrammetri» er sett saman frå gresk fos - lys, grafein - skrive, teikne og metron - mål.[1]

Fotogrammetrien kan delast inn i flyfotogrammetri for kartleggingsføremål, og nærfotogrammetri for andre formål, til dømes dimensjonsmålingar i industrien, formdokumentasjon i arkitektur, mikroskopi, røntgenundersøkingar og meir. I flyfotogrammetri skjer fotograferinga frå fotofly eller frå satellitt, medan ved nærfotogrammetri, òg kalla terrestrisk fotogrammetri, blir fotograferinga utført frå stasjoner på bakken.

Kjelder endre

  1. "Orientering i stereoinstrument" av Øystein Andersen, Institutt for kartfag, NLH (nå Institutt for matematiske realfag og teknologi, UMB)