Fotskammel

møbel som vert brukt til å heve beina

Ein fotskammel er eit lite møbel som kan brukast til å ha føtene på. Det kan brukast som støtte medan ein gjer noko eller til å gje føtene kvile. Det finst to ulie typar fotskamlar; ein enkel, låg krakk utan polstring og eit meir omfattande, polstra puffaktig møbel.

Relieff frå Persepolis av ein konge på ei trone med fotskammel.

Bruk i musikk endre

Fotskammel er ofte nytta av klassiske gitaristar når dei spelar. Fotskammelen hjelper med å halde gitaren i ei særskild stilling. Fotskammelen er eit alternativ til gitarstøtte eller pute. Skammelen held gitaren slik at halsen peikar opp. Dette er ei lagleg stilling for å nå tonanegripebrettet.

Biletdøme endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Fotskammel