Frå arilds tid

uttrykk som betyr «for svært lenge siden»

Frå arilds tid er eit omgrep som tyder for svært lenge sidan.

Pieter Bruegel den eldre: Den dystre dagen, 1565

Omgrepet har om lag same meining som frå uminnelege tider. Omgrepet har ikkje samanheng med mannsnamnet Arild, men er samansett av dei norrøne orda ár, tidleg, og alda, genitiv fleirtal av ǫld, tid. På norrønt lydde uttrykket «ár alda», på gammaldansk «arelde». Norske dialektar har brukt uttrykket «frå arals tid», med ordet tid som eit tautologisk (unødvendig) tillegg.

Uttrykket er vore utsett for mange omtydingar, folk har vilt knytte uttrykket til namnet Arild eller namn som Orre, Ariel eller Aron. Ei delvis riktig modernisering av uttrykket er «frå urolds tid».

Gud være lovet bredt og vidt!
Velsignet være Navnet dit,
Min Gud, af Arelds Minde!

Frå «En Morgen-Sang» av Petter Dass

Kjelde endre

  • Falk og Torp 1903: Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog Faksimileutg. Bjørn Ringstrøms antikvariat 1992 ISBN 82-90520-16-6