Fræna kommune

tidlegare kommune i Møre og Romsdal fylke i Noreg

Fræna kommune er ein tidlegare norsk kommune i Romsdal i Møre og Romsdal fylke. Han vart slegen saman med Eide kommune til Hustadvika kommune den 1. januar 2020. Området låg på Romsdalshalvøya, nord for Molde, og grensa til Eide kommune og Gjemnes kommune i nordaust, Aukra kommune i vest og Molde kommune i sør. Kommunen hadde dei siste grensene sine frå 1964, då kommunane Fræna, Bud og Hustad vart slått saman til nye Fræna kommune.

Fræna kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Elnesvågen
Areal 369 km²
 - land 362 km²
 - vatn km²
Målform nøytral
Ordførar Tove Henøen (Sp)
Kommunenr. 1548
Kart
Fræna kommune
62°54′28″N 7°06′30″E / 62.907777777778°N 7.1083333333333°E / 62.907777777778; 7.1083333333333
Wikimedia Commons: Fræna
Elnesvågen sett frå Heiane.

Elnesvågen er administrasjonssenter og største tettstad i kommunen. Busetnaden i kommunen er spreidd, men tettar seg til i og kring kommunesenteret og i Bud vest i kommunen. Fræna har fire kyrkjer, Myrbostad kyrkje, Bud kyrkje, Hustad kyrkje og Vågøy kyrkje.

Dumperprodusenten Moxy ligg i Fræna-området.

Namn og symbol endre

Kommunenamnet var opphavleg Vaagø (Vågøy) og vart endra til Frænen i 1860[1] og Fræna i 1918. Staden har namn etter Frænfjorden (gammalnorsk Fræni). Tydinga er uviss, men kan stamme frå frænn (lys, skinande).

I 1589 heitte soknet Vågøy og låg under Aukra prestegjeld. Ved kongeleg resolusjon av 22. september 1859 vart soknet gjort om til Fræna prestegjeld. I 1880 vart gjeldet så delt i Ytre og Indre Fræna.[2]

Kommunevåpenet vart vedteke 15. mai 1995 og har sju blå bølgjer på ein gull bakgrunn. Motivet skal symbolisere havet.

Geografi endre

 
Frå Hustadvika i Fræna.

Fræna omfattar den vestlege delen av Romsdalshalvøya, frå områda rundt Frænfjorden i sør til Hustadvika i nord, og dertil ei rekkje mindre øyar.

Hustadvika er ei av dei mest vêrharde strekningane av vestlandskysten. Fræna er ein kyst og fjordkommune der dei indre delane har ei rekke fjell mellom 600 og 1000 meter. Blant dei mest kjende fjella er Jendemsfjellet (633 moh.) og Kvannfjellet på (900 moh.), det høgste fjellet i kommunen. Nært kysten er det svære myrlendte område. Tvers gjennom kommunen går Frenfjorden som endar inst i Malmefjorden.

Nær grensa til tidlegare Eide kommune ligg dei kjende kalksteinsgrottene Trollkyrkja som er blant Frænas mest populære turistattraksjonar.

På fugleberget på Ergan i Bud hekkar tusenvis krykkjer som kjem kvar februar og forlèt Fræna til fordel for sør-Atlanteren i midten av august.

Næringsliv endre

 
Jordbruksområde i Fræna, med Jendemsfjellet til høgre i bakgrunnen.

Kommunen har sine største hjørnesteinsbedrifter som produserer for eksport: Hustadmarmor produserer marmor til bygningsindustrien og slurry til papirindustrien. Dumper-produsenten Moxy vart grunnlagt av gründeren Birger Hatlebakk. Fræna kommune er den største landbrukskommunen i Møre og Romsdal, med stor kjøtt- og mjølkeproduksjon. Tine har produksjonsstad for mellom anna Jarlsbergost. I hamna Harøysund ved Bud er også fiskerinæringa ei viktig næring.

Atlanterhavsvegen og Trollkyrkja er attraksjonar for turistnæringa i kommunen. Sportsdykking og sportsfiske på Hustad trekker også til seg ein del turisme.

Folketalsutvikling endre

Folketalsutvikling for noverande Fræna kommune frå 1900:

1900[3] 1.12.1920[4] 1.12.1930[5] 3.12.1946[5] 1.1.1951[6][7][8] 1.1.1961[6][7][8] 1.1.1971[6] 1.1.1981[6] 1.1.1991[6] 1.1.2001[6] 1.1.2010[6]
5608 6456 6633 7074 7006 7228 7487 8858 8886 9040 9336

Kjende folk frå Fræna (fræningar) endre

Kjelder endre

  1. Aas, Harald. «Vågøy kyrkje». Fræna kirkelige fellesråd, Den norske kyrkja. Henta 23. november 2012. 
  2. «Prestegjeld og sokn i Møre og Romsdal». Arkivverket. 20. februar 2003. Henta 7. mars 2011. 
  3. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 Arkivert 2007-02-23 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data, vitja 1. september 2010
  4. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  5. 5,0 5,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 Folkemengd i Fræna 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  7. 7,0 7,1 Folkemengd i Bud 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  8. 8,0 8,1 Folkemengd i Hustad 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Fræna kommune