Frøperle eller rocaille[1][2] er små, einskapleg utforma perler til perlearbeid som kan vera under ein millimeter til nokre millimeter vidde. Dei er vanlegvis runde, men kan også vera meir sylindriske i utforming eller ha andre former. Dei kan brukast til perleveving, broderi, smykke og liknande. Dei fleste frøperler blir laga i Japan og Tsjekkia.

Ulike frøperler
Smykke med frøperler frå Botswana, laga før 1925.
Kopi av eit frimerke laga med frøperler.

Storleiken på denne typen perler blir oppgjeven som 1/0 eller 1/°, 2/0 eller 2/° og så bortetter, med større tal for mindre storleikar. Den største storleiken på frøperler er vanlegvis 5/°, som er kring 5 mm vide. Det blir laga storleikar ned til 15/°. Tidlegare blei det også laga endå mindre perler.[3] Storleiken er ikkje standardisert, og kan variera mellom ulike produsentar.[4][5][6] Tabellen under gjev eit oversyn over tilnærma storleikar.

Storleiksnemning Diameter (mm)
1/0 6,5
2/0 6,0
3/0 5,5
4/0 5,0
5/0 4,5
6/0 4,0–4,3
7/0 3,4–4,0
8/0 2,5–3,1
9/0 2,2–2.,7
10/0 2,0–2,3
11/0 1,8–2,1
12/0 1,7–1,9
13/0 1,5–1,7
14/0 1,4–1,6
15/0 1,30–1,40
16/0 1,25–1,35
17/0 1,2
18/0 1,15–1,20
20/0 1,0–1,17
22/0 1,02
24/0 0,91

Kjelder endre

  1. «Rocaille | Definition of Rocaille by Oxford Dictionary on Lexico.com also meaning of Rocaille». Lexico Dictionaries | English (på engelsk). Arkivert frå originalen July 26, 2019. Henta 10. august 2020. 
  2. «Difference between E beads, rocaille beads, and seed beads? (spoilers: nothing)». BoudiccaNox (på engelsk). 21. mars 2014. Henta 10. august 2020. 
  3. Weiss, Lesley. "Seed Beads." The Best of Bead and Button Magazine. Side 7.
  4. Alden 2009, s. 136
  5. Shimonagase 2005, s. 96
  6. Day 2006, s. 16
Bibliografi