Francesco Arese (fødd 13. april 1944) er ein italiensk tidlegare mellom- og langdistanseløpar frå Centallo i provinsen Cuneo. Han vann gullmedaljen på 1500 meter under EM i friidrett 1971 i Helsingfors.

Francesco Arese

Statsborgarskap Italia
Fødd 13. april 1944 (80 år)
Centallo
Yrke mellomdistanseløpar, forretningsdrivande
Språk italiensk
Høgd 183 centimeter
Francesco Arese på Commons

Aktiv endre

Arese deltok i friidretts-EM 1966 i Budapest, der han vart utslått i forsøksløpa både på 800 m og 1500 meter. I 1968 sette han italiensk rekord på 1500 meter med tida 3.39,0. Same hausten, under dei olympiske leikane i Mexico by, rauk han på same distansen ut i semfinalane.

I 1969 forbetra Arese den nasjonale 1500 meter-rekorden til sterke 3.37,6. Han slo seg fram til finalen på distansen under EM i friidrett 1969 i Aten, der han enda opp på åttandeplassen.

Den 1. juli 1971 var det klart for det som skulle verte «årets förnämsta 1500-meterslopp». USA-amerikanaren Marty Liquori vann på tida 3.36,0, med Arese på andreplass og tida 3.36,3, italiensk rekord i mange år framover. Under europameisterskapen i Helsingfors seks veker seinare, slo Arese polske Henryk Szordyskowski i spurten og sikra seg sin største internasjonale triumf.

Arese vart under sommarleikane 1972 i München slegen ut or 1500 m i semfinalane. Straks etter leikane forbetra han den italienske rekorden på 800 m til 1.46,6 under eit stemne i Rieti.

Kjelder endre