Francis Quarles (8. mai 15928. september 1644) var ein engelsk poet, mest kjend for emblemboka Emblems.

Francis Quarles

Statsborgarskap Kongeriket England, Storbritannia
Fødd 8. mai 1592
London Borough of Havering
Død

8. september 1644 (52 år)
London

Yrke lyrikar, skribent
Far James Quarles
Mor Joanne Dalton
Born Joanna Smith
Francis Quarles på Commons

Liv og virke endre

Quarles vart fødd i Romford, i dag London Borough of Havering i grevskapet Essex som eit av dei åtte barna til James Quarles og Joan Dalton. Medlemar av slekta hadde i generasjonar vore i kongens teneste, og faren James hadde fleire postar under Elisabet I og Jakob I. Robert, den eldste broren til Francis, vart slått til riddar av Jakob I.

Frå 1608 studerte Francis Quarles ved Christ’s College ved University of Cambridge. I 1618 gifta han seg med Ursula Woodgate og saman fekk dei atten born. Sonen John Quarles (1624-1665) var òg forfattar.

Det mest kjende verket til Quarles, Emblems, vart første gong publisert i 1635. Boka er utstyrt med groteske illustrasjonar av gravøren William Marshall og andre. Kvart «emblem» er bygd opp av ein parafrase over eit bibelord uttrykt i eit blomstrande språk rikt på metaforar, etterfølgd av skriftord frå dei tidlege kyrkjefedrene og avslutta med eit epigram på fire linjer.

Bland vanlege folk var Emblems svært omtykt, men kritikarar på 1600- og 1700-talet, til dømes Alexander Pope, var nådelause mot Quarles.

Verk endre

Originalutgåver i utval endre

  • A Feast for Wormes. Set forth in a Poeme of the History of Jonah (1620)
  • Job Militant, with Meditations Divine and Moral (1624)
  • Sions Elegies, wept by Jeremie the Prophet
  • Sions Sonets sung by Solomon the King
  • ' 'The Historic of Samson (1631)
  • Alphabet of Elegies upon ... Dr Aylmer (1625)
  • Argalus and Parthenia (1629)
  • Divine Fancies digested into Epigrams, Meditations and Observations (1632)
  • Alphabet of Elegies as Divine Poems (1633)
  • Hieroglyphikes of the Life of Man (1638)
  • Memorials Upon the Death of Sir Robert Quarles, Knight (1639); til ære for bror sin
  • Enchyridion, containing Institutions Divine and Moral (1640-41)
  • Observations concerning Princes and States upon Peace and Warre (1642)
  • The Loyal Convert, The Whipper Whipt, og The New Distemper (1644)

Kjelder endre

Fotnotar

Bakgrunnsstoff endre

 

Originaltekst av Francis Quarles ved Wikisource (en).