Francis Sejersted

norsk historikar

Francis Sejersted (fødd 8. februar 1936 i Oslo, død 25. august 2015) var ein norsk historikar. Sejersted var professor i økononmisk og sosial historie ved Universitetet i Oslo frå 1973, og var leiar i Den norske Nobelkomiteen 1991–99.

Francis Sejersted

Fødd8. februar 1936
Aker kommune
Død25. august 2015
Oslo
NasjonalitetNoreg
Områdeøkonomisk historie
Yrkehistorikar, professor
InstitusjonarNorges Tekniske Vitenskapsakademi
Universitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
EktefelleHilde Sejersted
BarnFredrik Sejersted
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Academia Europaea
Norges Tekniske Vitenskapsakademi
Kungliga Vetenskapsakademien
Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskab
Det Norske Akademi for Språk og Litteratur
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
Den Norske Nobelkomite

Francis Sejersted var dosent i historie ved Universitetet i Oslo frå 1971 til 1973 og deretter professor i sosial og økonomisk historie same stad. Han har forska mykje på teknologihistorie og politisk historie. Frå 1988 til 1998 var han direktør for Senter for teknologi og kultur ved Universitetet i Oslo og er frå 1999 knytt til Institutt for samfunnsforskning.

Han har skrive mykje om mellomkrigstida, mellom anna om Norges Banks paripolitikk1920-talet, og om korleis ein kom ut av den økonomiske krisa på 1930-talet. Han har òg skrive eit band i historieverket om partiet Høgre.

Sejersted er medlem av Høgre og var i 1962 formann i Det Norske Studentersamfund. Han vert rekna som ein av dei fremste representantane for den verdikonservative delen av Høgre.

Frå 1971 til 1975 redigerte han Historisk Tidsskrift og i 1984 vart han medredaktør i Nytt Norsk Tidsskrift.

Sejersted er medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi (frå 1976), Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur (frå 1985), Academia Europae (frå 1989), Det Kongelige Danske Videnskabers Selskab (frå 1993), Norges Tekniske Videnskapsakademi (frå 1995), Kungliga Vetenskapsakademin (frå 1997) og Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (frå 2001).

Frå 1996 til 1999 var han formann i den regjeringsoppnemnde Ytringsfridomskommisjonen og er frå 2000 styreformann i stiftinga Institusjonen Fritt Ord.

Sejersted vart utnemnd til kommandør av St. Olavs orden. I 2008 fekk han Ossietzky-prisen.

Bibliografi, utval endre

  • Historisk introduksjon til økonomien. 1974 og 1985.
  • Fra Linnerud til Eidsvold Værk , 1972 og 1978.
  • Den vanskelige frihet, 1978.
  • Demokrati og rettsstat, 1984.
  • Opposisjon og posisjon, 1984. Band 3 i Høyres historie
  • Demokratisk kapitalisme, 1993.

Kjelder endre