Francis William Newman

Francis William Newman (27. juni 18057. oktober 1897) var ein engelsk polyhistor.

Francis William Newman

Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 27. juni 1805
London
Død

7. oktober 1897 (92 år)
Weston-super-Mare

Yrke skribent, historikar, lingvist, omsetjar, filosof, vaksinemotstander
Språk engelsk
Francis William Newman på Commons

Newman og broren John Henry Newman fekk begge utdanning ved Ealing og seinare ved Oxford, der Francis William hadde ei strålande karriere. Han blei vald til fellow of Balliol, men på grunn av samvetsproblem i samband med barnedåp sa Newman frå seg denne posten og gav seg av til Bagdad som misjonsassistent. Dette kallet sa han òg frå seg då han ikkje heilt og fullt kunne stille seg bak den anglikanske kyrkja sitt syn på den evige straffedom.

I 1840 blei Newman professor i latin ved Manchester new college og var professor i romersk litteratur ved University college i London i perioden 1846 til 1869.

I 1849 kom The Soul, her Sorrows and Aspirations ut, og i 1850 Phases of Faith, or Passages from the History of my Creed. Den førre er ei kjenslevar, men søkande analyse av sambandet mellom menneskesjela og Skaparen; den siste ein religiøs sjølvbiografi som i detalj skildrar vegen han hadde gått frå kalvinisme til rein teisme. Det er desse to skriftene Newman sitt ry er basert på, da han her viser ei intens sanningssøking og ikkje legg for dagen det eksentriske tankesettet som elles skjemmer det meste av skriftene hans – med unntak for bidraga hans innan matematikk og orientalsk filologi.

Newman hadde enormt store kunnskapar på vidt ulike felt, han skreiv om logikk, politisk økonomi, engelske reformer, australsk politikk, romersk historie, grammatikk, dei mest ugjennomtrengelege tema innan matematikk, arabisk, kritisk revisjon av greske tekstar, berberspråk og dialekten på Iguvine-tavlene. I alle desse skriftene viste han ein stor gåverikdom, men så sant temaet gjorde det mogleg kraup eksentrisiteten hans fram. Den siste boka hans, Contributions chiefly to the Early History of Cardinal Newman (1891), blei allment fordømd fordi den viste at han var fullstendig utan kjensler for bror sin. Francis William Newman var utan broren si evne til fornuftig resonnering og mangla heilt humoristisk sans, noko som i blant gjorde han til målskive for andre sin humor.

Verk i utval endre

  • Handbook of modern arabic (1863)
  • Dictionary of modern arabic (1871)
  • History of the hebrew monarchy (1847; 3. opplag 1865)
  • Regal Rome (1852)
  • Hebrew theism (1874)
  • Life after death (1887)
  • The soul, her sorrows and her aspirations (1849; 9. opplag 1882)
  • Phases of faith (1850; 2. opplag 1881)