Francisco Macías Nguema

ekvatorialguineansk politikar

Francisco Macías Nguema (1. januar 192429. september 1979) var president i Ekvatorial-Guinea frå landet fekk sjølvstende frå Spania i 1968 til 1979, då han blei avsett av nevøen sin Teodoro Obiang Nguema Mbasogo. Nguema, som var kjend for eit brutalt og diktatorisk styre, blei deretter dømd til døden og avretta.

Francisco Macías Nguema

Fødd1. januar 1924
Mongomo
Død29. september 1979 (55 år)
Statsborgar avEkvatorial-Guinea
Yrkepolitikar
BarnMónica Macías, Filiberto Ntutumu Nguema
Alle verv
  • Ekvatorial-Guineas president (1968–1979) Sjå dette på Wikidata

Tidleg liv endre

Mez-m Ngueme blei fødd i Ndegayong i regionen Oyem i Río Muni, fastlandsterritoriet i den dåverande spanske kolonien, og høyrte til folkegruppa fang. Foreldra kom frå nabolandet Gabon, som dei hadde reist frå på grunn av koppskatten som blei praktisert der. Frå 1940-åra arbeidde Nguema for den spanske koloniforvaltninga. Han dreiv ein liten kaffiplantasje ved Mongomo og blei borgarmeister og omsetjar ved den lokale distriktsdomstolen.

Etter at Ekvatorial-Guinea hadde fått eit visst sjølvstyre, blei Nguema vald inn i provinsforsamlinga i Río Muni i 1964 og blei stadfortredande regjeringssjef med ansvar for offentlege arbeid i regjeringa til Bonifacio Ondó Edu.

President endre

Macías Nguema blei vald til president i andre valomgangen i september 1968, etter at Ekvatorial-Guinea hadde vedteke ei forfatning. Han hadde størst støtte hjå dei fastlandsbuande, medan motstandaren og regjeringssjefen til då, Ondó Edu, fekk dei fleste stemmene på øyane. Til saman fekk Macías Nguema 68 130 stemmer, medan Ondó Edu fekk 41 252.

Den 12. oktober 1968 deltok Nguema på seremonien i Madrid der dei spanske styresmaktene gav Ekvatorial-Guinea sjølvstende. Tilhøvet til den tidlegare kolonimakta kjølna raskt, etter at han hadde utvist mange spanjolar og i det minste retorisk slått inn på ein marxistisk kurs. I 1970 innførte han ein eittpartistat, der alle dei eksisterande partia blei tvangssamanslått til Partido Unico Nacional de los Trabajadores. Den 14. juli 1972 erklærte han seg som president på livstid. Han erklærte landet som folkerepublikk i 1973 med ei ny forfatning som offisielt fekk 99 % av stemmene ved ei folkeavstemming. Sjølv om han allereie var president på livstid, lét han seg bekrefta som president i oktober 1973 med nesten 100 % av stemmene.

Under sitt styre innførte han ein politistat som gjorde seg skyldig i omfattande brot på menneskerettane. Meir enn ein tredjedel av befolkninga – til saman ca. 100 000 – flykta til nabolanda. Det blei innført tvangsarbeid for alle innbyggjarar, eit ukjent tal blei sperra inne i fangeleirar, og mellom 10 000 og 50 000 skal ha døydde. Macías Nguema utnemnde medlemmer av sin eigen familieklan til alle viktige stillingar i forsvaret og næringslivet, og dreiv ei systematisk utplyndring av det fattige landet.

Utanrikspolitisk orienterte han seg mot Sovjetunionen, og kunne stola på sovjetisk støtte i strategiske spørsmål. På midten av 1970-talet var det også rundt 500 cubanske militærrådgjevarar i Ekvatorial-Guinea.

I dei siste åra av styret til Macías Nguema blei alle kyrkjer stengde og landet erklært som ateistisk stat. Det blei også praktisert ei ekstrem personkult. Tross i tittelen el Gran Maestro de Educación Popular, Ciencia y Cultura Tradicional blei alle skulane i landet stengde under Macías Nguema.

Endelikt endre

Den 3. august 1979 blei Nguema avsett av nevøen Teodoro Obiang Nguema Mbasogo, som då var øvstkommanderande for hæren. Han prøvde å flykta, men blei teken til fange. I ein kortvarig prosess blei han funnen skyldig i folkemord, brot på menneskerettane, tjuveri av offentleg eigedom og forræderi, og 29. september 1979 blei han avretta i Malabo saman med nokre av handlangarane sine. Avrettinga blei fullbyrda av soldatar frå Marokko, ettersom dei lokale soldatane var redde for dei «magiske kreftene» hans. Under rettssaka heldt Macías Nguemas ein tale der han fortalde om alt det gode han meinte han hadde utretta for Ekvatorial-Guinea.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Francisco Macías Nguema