Francisco Pizarro

Francisco Pizarro y González (16. mars 147826. juni 1541) var ein spansk oppdagar og conquistador. Han vart fødd i Trujillo i Spania, og døydde i Lima. Han reiste fleire gonger over til Amerika. I Amerika bygde han opp ein slagkraftig hær, og fekk vita om store rikdomar i Sør-Amerika. Pizarro er kjend for å ha øydelagd Inkariket. Slaget i Cajamarca kom etter eit bakhaldsåtak på regjerande inka Atahualpa og dei som var i følgjet hans, sett i scene av Francisco Pizarro. Hendinga skjedde seint på ettermiddagen den 16. november 1532 på den store offentlege plassen i Cajamarca. Byen hadde den gongen ein folkesetnad på ca 2000 menneske. Slaget varte ikkje meir enn to timar, det tok livet av tusenar og Pizarro oppnådde målet med å fange Atahualpa. I røynda var dette timane då inkariket fall og kongen av Spania tok over makta i territoriet.

Francisco Pizarro

Statsborgarskap Kongemakta Castilla, Spania
Fødd 16. mars 1478
Trujillo
Død

26. juni 1541 (63 år)
Lima

Yrke conquistador, oppdagar
Språk spansk
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Far Gonzalo Pizarro Rodríguez de Aguilar
Partnar Quispe Sisa, Cuxirimay Ocllo, Añas Colque
Francisco Pizarro på Commons
Francisco Pizarro Conquistador og mannen som øydela Inkariket.
Kampar mellom inkaer og spanjolar ved Cajamarca

Etter invasjonen endre

I 1535 låg heile Peru under spanjolane sin kontroll. Pizzaro grunnla byen Ciudad de los Reyes (seinare Lima) og fekk makta over den nordlege delen av det erobra landet. Almagro, hans tidlegare kompanjong, herska over den sørlege delen. Det kom snart til open krig mellom dei to. Pizzaro lukkast til slutt med å fanga Almagro etter slaget ved Las Salinas i 1538 og avretta han. Dei indre stridane heldt fram, og den spanska kongen måtte senda sin eigen representant for å styra over kolonien.

Pizzaro fekk stilling som guvernør. Det synte seg at Pizarro hadde betre evner som krigar enn som administrator. Han visste korleis ein heldt seg med ein hær med disiplin, men ikkje så mykje meir. Tilhengjarane til Almagro (mellom anna sonen), organiserte ei samansverjing mot Pizarro. Dei lukkast i å ta livet av Pizarro i palasset hans i Lima den 26. juni 1541.

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Francisco Pizarro
  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.