Francisco de Orellana

Francisco de Orellana[a] (ca. 1500-1550) var ein spansk oppdagingsreisande og conquistador. Orellana er mest kjent for å ei ferd frå Orellanaprovinsen i Ecuador til Atlanterhavet langs Amazonaselva med bielver i 1541-1542. Han er rekna som den som namnsette elvefaret. Før amazonaseksspedisjonen grunnla Orellana byen Guayaquil i det som no er Ecuador. Han var offiser under Gonzalo Pizarro under ekspedisjonen hans gjennom Andesfjella på leit etter El Dorado i 1539–1540.[1] Han døydde under ein andre ekspedisjon i Amazonas.

Francisco de Orellana

Statsborgarskap Spania
Fødd 1511
Trujillo
Død

1546 (41 år)
Amazon Delta

Yrke conquistador, militær, soldat
Språk spansk
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Francisco de Orellana på Commons

Frå Ecuador til Atlanteren endre

I ein av dei mest usannsynleg vellykka reisene i kjend historie, klarte Orellana å drive med elvestraumen frå Puerto Francisco de Orellana i Orellanaprovinsen i Ecuador langs bielver til og ned langs sjølve Amazonas til utlaupet i Atlanteren i august 1542. Han og følgjet hans segla langs atlanterhavskysten til dei nådde Cubagua-øya, ved kysten av Venezuela.

I 1541, under ein ekspedisjon leidd av Gonzalo Pizarro på jakt etter «kanellandet», vart Orellana utnemnt til å utforske Coca-elva. På grunn av ulike utfordringar og minkande ressursar, sette Orellana med mannskap nedstraums, inn i Napo og forbi samlaupet mellom Napo og Amazonas. Etter ei strabasiøs reise nådde Orellana og ekspedisjonen hans Atlanterhavet den 24. august 1542. Han vende tilbake til Spania og søkte anerkjenning og styring over landa han hadde oppdaga, kalla Ny-Andalusia.

Namnet «Amazonar» stammar frå ein trefning med krigarkvinner, etter dei mytiske amasonene i greske legender.[2]

Merknadar endre

  1. spansk uttale [fɾanˈθisko ðe oɾeˈʝana]

Kjelder endre

  1. «Francisco de Orellana». Store norske leksikon (på norsk). 23. august 2023. 
  2. Levy, Buddy, orellana versus the amazons, excerpts from River of Darkness, 2011, Bantam, Delancy Place review May 18, 2021

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Francisco de Orellana