Frankrike er eit land som ligg i Vest-Europa. Landet ligg ved Atlanterhavet (Biscayabukta og Den engelske kanalen), mellom Belgia og Spania, søraust for Storbritannia, og ved Middelhavet mellom Italia og Spania . Det franske fastlandet er forma som ein sekskant, og vert på fransk ofte kalla l'hexagone.

Kart over Metropolitan-Frankrike
Landområda som utgjer Frankrike.
Franske økonomiske sonar i verda.

Frankrike har eit totalt landareal på 674 843 km², men dette inkluderer alle dei oversjøiske departementa og områda, men tar ikkje med det franske territoriet Terre Adélie i Antarktis. France métropolitaine (den europeiske delen av Frankrike) dekkjer eit areal på 551 695 km², og om ein ser bort frå innsjøar, vatn, isbrear og elvemunningar større enn 1 km² vert landarealet i Europa 543 965 km².

Geografiske koordinatar: 46°00′N 2°00′E / 46.000°N 2.000°E / 46.000; 2.000 Coordinates: Extra unexpected parameters

Grenser endre

Landgrenser:
totalt: 2 889 km (metropolsk), 1 183 km (Fransk Guiana), 10,2 km (Guadeloupe)
grenseland: Andorra 56,6 km, Belgia 620 km, Tyskland 451 km, Italia 488 km, Luxembourg 73 km, Monaco 4,4 km, Spania 623 km, Sveits 573 km, Brasil 673 km, Surinam 510 km, Dei nederlandske Antillane 10,2 km, og formelt sett Storbritannia (via Kanaltunnelen)

Kystlinje: 3 427 km (metropolsk), 378 km (Fransk Guiana), 306 km (Guadeloupe), 350 km (Martinique), 207 km (Réunion)

Maritime krav:
tilstøytande sone: 24 nautiske mil (44 km) Maritime krav:
tilstøytande sone: 24 nautiske mil (44 km)
kontinentalsokkel: Til djup på 200 meter eller til djup som kan utnyttast
økonomisk sone: 200 nautiske mil (370 km). Dette gjeld ikkje i Middelhavet.
territorialfarvatn: 12 nautiske mil (22 km)

Inndeling endre

For meir om dette emnet, sjå Administrativ inndeling av Frankrike.
 
Regionar og departement i Frankrike.

Den europeiske delen av Frankrike er delt inn i 22 regionar (sjølv om Korsika strengt tatt er eit territorium, og ikkje ein region), som igjen er delt inn i 96 departement. Departementa er igjen delt inn i 329 arrondissement, som igjen er delt inn i 3 879 kantonar. Kantonane er igjen delt inn i 36 568 kommunar (2004).

Den franske republikken har vidare følgjande oversjøiske inndeling:

Klima endre

 
Satellittbilde av Frankrike

Fastlands-Frankrike er langt frå ei øy, men grensar til sjø både i nord, vest og sør. Atlanterhavet i vest og Middelhavet i sør hindrar dei store døgnlege temperaturvariasjonane. Normandie og Bretagne på nordvestkysten har eit klima som ikkje er ulikt Storbritannia, men er litt mildare og våtare enn London. Dei sentrale områda av Frankrike frå Paris, gjennom Loiredalen til Strasbourg har litt meir variasjon. Området er gjerne kjend for å vere lummert, men det sentrale Frankrike har ofte behagelege forhold om sommaren med temperaturar rundt 25-27 °C i snitt på dagtid. Vintrane her er derimot meir skya og fuktige, med ein god del tåke frå hausten av. Innimellom kan kaldluft frå Sibir halde temperaturen godt under 0 °C i fleire dagar på rad. Paris har ein årleg nedbørsnormal på 619 mm, og nedbøren er jamt fordelt gjennom året, sjølv om ein har mykje færre skyar om sommaren enn om vinteren. Varmast er det i juli med ein normal maksimumstemperatur på 25 °C. Ein har derimot hatt over 40 °C her. Lyon som ligg lenger sør får meir nedbør, normalen her er 813 mm i året. Her i Rhônedalen er det òg oftare torevêr enn lenger nord, og om vinteren kan kaldlufta legge seg til i dalen og danne vedvarande tåke.

Sidan høgda aukar sørover i landet mot Alpane og Massif Central er vintrane her like kalde som lenger nord, men avstanden frå havet gjev gjerne fleire klåre sommardagar. I dei austlegaste områda kan ein derimot få kraftig torevêr på sommarstid. Byane som ligg litt opp i høgda, som Le Puy i Massif Central og Grenoble i Alpane kan vere småkalde på sommarkveldar, og i januar er det ofte iskaldt her. På solrike sommardagar vert det likevel som oftast varmt, særleg mot Provence. Sjølv på vinteren kan varme vindar strøyme ned frå Pyreneane og gje over 20 °C i Gascogne-området, t.d. i Toulouse.

Somrane langs middelhavskysten er nesten heilt tørre, med ei regnbyge kanskje ein gong i veka. Côte d'Azur (inkludert Monaco) har normaltemperaturar over 10 °C sjølv i januar, og det regnar berre om lag kvar tredje eller fjerde dag om vinteren. Mest regn her er det om hausten, og oktober er den våtaste månaden, gjerne i samband med torevêr. Marseille har ein årleg nedbørsnormal på 546 mm, medan den normale maksimumstemperaturen i juli er så høg som 29 °C. Mistralvinden, ein kald nordleg vind frå Alpane, kan likevel gje ganske så sure forhold, og av og til kan vindstyrken nå full storm (25–27 m/s). Han er vanlegast frå november til april langs kysten frå Toulon til Marseille. Mistralen oppstår ofte brått og varer ein dag og to, før det gjerne vert meir sol, varmare og rolegare vêr.

Mot Pyreneane og vestkysten er klimaet ei blanding av middelhavsklima og atlanterhavsklima. Ein har ofte regnbyer her, som innimellom kan verte kraftige. I sør er Pyreneane både høge nok og nære nok sjøen til at ein kan få snø på dei høgaste toppane, men dei unngår tåka som ein ofte har på atlanterhavskysten. Omkring La Rochelle vert det ein overgang frå dei solrike forholda i Aquitaine til dei meir tempererte forholda i Bretagne. Bordeaux har like milde vintrar som middelhavskysten, men mindre sol og meir regn. Nedbørsnormalen her er 900 mm i året. Somrane er i snitt litt varmare enn i Paris, men austleg vind frå Massif Central kan bringe temperaturane godt over 30 °C. Cherbourg i Normandie har enno våtare klima enn lenger sør, 931 mm i året, og om vinteren regnar det gjerne 2 av 3 dagar. Denne delen av den franske kysten kan òg få ein god dose med vind, særleg når lågtrykka kjem inn i Biascayabukta vinterstid.

Terreng endre

 
Cap Canaille nær Cassis i Bouches-du-Rhône sør i Frankrike.

Frankrike består av flate sletter og rullande åsar i nord og vest, med meir kupert terreng i sør. I sørvest ligg Pyreneane og i søraust Alpane. Den franske delen av Alpane inneheld dei høgaste punkta i det vestlege Europa. Mellom desse to fjellkjedene ligg Massif Central i sørlege delar av Frankrike.

  • Lågaste punkt: Rhône sitt elvedelta er 2 meter under havnivå.
  • Høgaste punkt: Mont Blanc 4 808 m, som òg er det høgaste punktet i Alpane og i Det vestlege Europa.

Naturressursar endre

Arealbruk endre

  • dyrka mark: 33 %
  • permanente avlingar: 2 %
  • permanente jorde: 20 %
  • skogområde: 27 %
  • anna: 18 % (1993 est.)

Irrigert land: 16 300 km² (1995 est.)

Naturfarar endre

Miljø endre

Miljøproblem:

Noko skog er øydelagd av sur nedbør, og store skogområde vart øydelagd som følgje av ein storm i desember 1999. Luftforureining frå industri og trafikk. Vassforureining frå urbant avfall og overflatevatn frå jordbruksområde.

Internasjonale miljøvernsavtalar:

Byar og landsbyar endre

Byar eller historisk viktige landsbyar:

Abbeville, Ajaccio, Albertville, Albi, Amiens, Angers, Angoulême, Aurillac, Avignon, Bastia, Besançon, Bordeaux, Belfort, Brest, Brive, Caen, Cahors, Calais, Cannes, Carcassonne, Chamonix, Charleville-Mézières, Châtellerault, Chinon, Clermont-Ferrand, Colmar, Deauville, Dieppe, Digne-les-Bains, Dijon, Dole, Domremy, Dreux, Dunkerque, Evreux, Grenoble, La Baule, La Rochelle, Le Havre, Lille, Lyon, Marseille, Mende, Metz, Mont-de-Marsan, Montauban, Montpellier, Nantes, Nice, Nimes, Orléans, Paris, Pau, Perigueux, Perpignan, Poitiers, Quimper, Reims, Rennes, Rodez, Roubaix, Rouen, Saint-Gaudens, Saint-Etienne, Saint-Nazaire, Saint-Tropez, Saumur, Sète, Soissons, Strasbourg, Tarbes, Toulon, Toulouse, Tours, Tourcoing, Valence, Vichy

Geografiske ytterpunkt endre

Frankrike (metropol)

Frankrike (fastland)

Frankrike (inkludert département d'outre mer)

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre