Franz Benda

tsjekkisk komponist

Franz Benda, på tsjekkisk František Benda (døypt 22. november 1709–7. mars 1786), var ein bøhmisk fiolinist og komponist. Han var bror til Georg Benda og han arbeidde mykje av livet sitt i hoffet til Fredrik den store.

Franz Benda

Franz Benda.
FøddNovember 1709
FødestadAlt-Benatek i Böhmen
Død7. mars 1786 (77 år)
DødsstadNeuendorf i Tyskland
OpphavKongeriket Böhmen, Kongedømet Preussen
PeriodeKlassisismen
InstrumentFiolin
Verka somKomponist og fiolinist
FarHans Georg Benda
BornMaria Carolina Benda, Friedrich Benda, Karl Hermann Heinrich Benda, Juliane Reichardt

Benda vart fødd i Böhmen i landsbyen Altbenatky. Benda sjølv hevda han var fødd 25. november, men dåpsarkiva syner at han vart døypt tre dagar tidlegare, den 22. november. Den faktiske fødselsdagen hans ser ikkje ut til å ha vorte registrert, men det var truleg ikkje meir enn nokre dagar før den 22. november.[1]

Benda vart grunnleggaren av den tyske skulen for fiolinistar. I ungdomen var han korgut i Praha og seinare i det kongelege kapellet i Dresden. Samstundes byrja han å studere fiolin og kom snart i lag med fleire musikarar som gjekk på festar, messer osv. 18 år gammal forlet Benda dette flakkande livet og returnerte til Praha, før han reiste til Wien, der han studerte fiolin vidare under Carl Heinrich Graun, ein elev av Tartini. Etter to år fekk han stillinga som kapellmeister i Warszawa og til slutt vart han eit medlem av bandet til kronprinsen av Preussen og så konsertmeister for kongen.

Benda var ein meister i alle dei vanskelege teknikkane på fiolin og den raske og mjuke måten han spelte dei høgaste tonane på var makelaus. Han hadde mange elevar og skreiv mange verk, hovudsakleg øvingar og studiar for fiolin.[2].

I nyare tid var det ein František Benda som komponerte filmmusikk og andre verk på 1900-talet.

Benda kammerorkester er kalla opp etter Benda-familien og vart grunnlagd i 1956 i Usti nad Labem nord i Tsjekkia.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre