Freden i Karlowitz

Freden i Karlowitz (Karlovci) vart signert den 26. januar 1699 i Sremski Karlovci (ein by i dagens Serbia), og avslutta den austerriksk-osmanske krigen 16831697 der osmanarane vart slått i slaget ved Zenta. Det markerte slutten på den osmanske kontrollen i det meste av Sentral-Europa og byrjinga på stagnasjonsfasen, samt at det oppretta Habsburgmonarkiet som den dominerande makta i Sentral- og Søraust-Europa.

Forhandlingane av freden i Karlowitz (merk korleis dei osmanske ambassadørane sit med beina i kross).
Kapela mira (Fredskapellet), der freden i Karlowitz vart forhandla.

Etter ein to månader lang kongress mellom Det osmanske riket på den eine sida og Den heilage ligaen av 1684, ein koalisjon av Det tysk-romerske riket, Det polsk-litauiske samveldet, Republikken Venezia og Peter I av Russland,[1] vart ein avtale signert 26. januar 1699. Habsburgmonarkiet fekk osmanske provinsen Egir, provinsen Varad, det meste av provinsen Budin, den nordlege delen av provinsen Temeşvar og delar av provinsen Bosnia.

Fyrstedømet Transilvania vart verande nominelt sjølvstendig, men vart underlagt det direkte styret til austerrikske guvernørar.

Venezia fekk det meste av Dalmatia i lag med Morea (Peloponneshalvøya i Sør-Hellas). Polen fekk attende Podolia, medan osmanarane fekk behalde Beograd.

Kjelder endre

  1. Robert Bideleux, Ian Jeffries, s. 86.

Bakgrunnsstoff endre