Frederik Moltke Bugge

Frederik Moltke Bugge (23. september 18069. juni 1853) var ein norsk skulemann. Han var rektor ved Trondhjems katedralskole 1833-51. Bugge var ordførar i Trondheim i to år. Peder Bugge var far hans, Wilhelm Bugge sonen hans.

Frederik Moltke Bugge

Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. september 1806
Trondheim
Død

9. juli 1853 (46 år)
Bergen

Yrke lingvist, omsetjar, klassisk filolog
Far Peder Olivarius Bugge
Ektefelle Anne Marie Magelssen
Frederik Moltke Bugge på Commons

Liv og gjerning endre

Bugge var fødd i Trondheim, der far hans var biskop. Han avla artiumseksamen i 1823, og i 1829 filologisk embetseksamen frå universitetet i Kristiania (Oslo). 1831 var han ei kort tid overlærar ved Kristiania katedralskole, før han same året vart styrar av den lærde skulen i Stavanger.

I 1833 vart Bugge rektor ved katedralskulen i heimbyen Trondheim. 1836-37 hadde han stipend for å studere dei høgare skulane i Tyskland og Frankrike. I perioden 1840-42 var han medlem av ein kommisjon som skulle kome med forslag til revideringar av undervisingsplanen for dei høgare skulane. Kommisjonsarbeidet hadde stor innverknad på utviklinga innanfor norsk skule.

Bugge var 2. varamann (suppleant) til Stortinget 1839. Han deltok i styret av Trondheim, sat nokre år i bystyret og var ordførar 1844-45.

I si tid som rektor i Trondheim var Bugge sentral i Kongelige Norske Videnskabers Selskab. Fleire år var han preses i selskapet, mellom anna då Ivar Aasen i 1842 av selskapet fekk stipendet som sette han i stand til å reise land og strand rundt, for å granske dei norske dialektane.

Bugge flytta til Bergen då han gjekk av som rektor. Han døydde der etter berre to år.

Kjelde endre

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914, Kristiania 1914