Frederik Stang

norsk advokat og politikar

Frederik Stang (4. mars 18088. juni 1884) var ein advokat, universitetslektor, embetsmann og politikar. Han var Noregs fyrste regjeringssjef med tittelen statsminister. Han var far til Emil Stang d.e. og farfar til Fredrik Stang d.y.

Frederik Stang

Frederik Stang
Fødd4. mars 1808
Stokke kommune
Død8. juni 1884
Bærum kommune
NasjonalitetNoreg
Yrkepolitikar, advokat
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materBergen Katedralskole
BarnEmil Stang d.e.
MedlemKungliga Vetenskapsakademien
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
Det Norske Videnskaps-Akademi

Liv og gjerning endre

Stang var fødd i Stokke i Vestfold. Faren var prokurator, seinare sorenskrivar, så sonen voks opp i Stavanger. Han byrja på jusstudiet som 16 åring og tok eksamen 20-år gammal. 22 år gammal vart han tilsett å førelese jus ved Universitet i Oslo. I 1833 gav han ut eit verk om norsk konstitusjonell rett; Systematisk Fremstilling af Kongeriget Norges constitutionelle eller grundlovbestemte Ret.

Stang starta privat advokatpraksis i 1834 og framstod som ein framifrå skrankeadvokat, særleg i Høgsterett.

I 1836 vart Stang sjef for det ganske nyoppretta Indredepartementet. Han vart i denne posisjonen til 1856, ei tenestetid sterkt prega av ein vedvarande innsats for å bygge ut den norske infrastrukturen. I tillegg til å forbetre vegnettet, hamner, kanalar og fyrtårn, tok han del i arbeidet for at Noregs og Skandinavias fyrste jarnbane vart bygt, Hovedbanen mellom Christiania og Eidsvoll. Han søkte også å heve produksjonen i jordbruket i Noreg gjennom å opprette høgskuleutdanning i jordbruk, utnemnde omreisande agronomar, og oppmuntra til betre avl av norske husdyr.

I 1861 vart han fyrsteminister, det vil seie formann i den norske regjeringa. Hans tid som politisk leier var delvis prega av stor usemje internt i Stortinget og mellom Noreg og den svenske regjeringa.

Inntil 1873 styrte kongen Norge gjennom to regjeringar, ei i Stockholm og ei i Christiania leia av ein statthaldar. Etter at stillinga som statthaldar hadde stått tom ei lang periode, vart stillinga som statsminister oppretta i 1873 og Frederik Stang vart utnemnd.

Stang makta ikkje å forsone motstridande politiske krefter, og hans støttespelarar i Stortinget kom oftast i mindretal i Stortinget i hans styringstid. Stortinget halverte pensjonen hans i 1881. Borgarar i Christiania samla då inn pengar for å dekke den tapte halvpart, Stang donerte beløpet til eit fond til å fremje studiet av jus.

Frederik Stang vert rekna som stiftar av Norges Røde Kors, 22. september 1865.

Ideologi endre

Stang utforma sitt politiske grunnsyn på 1830-talet. Det bar i seg tankar som kvilte særleg tre element, hevdar Rune Slagstad [1]:

Det første var det rettstatlege. Her la han grunnlovsfedrane sin bruk av maktfordelingsprinsippet til grunn: Samfunnsmakta skulle balansere i spennet mellom det lovgjevande, det utøvande og det dømmande. Lovene skulle styre, ikkje personane.

Det andre elementet var det demokratiske. Utøvinga av makt skulle vere forankra i folket. Av dette kom at Stang etter kvart kjempa for at statsrådane skulle få tilgang til stortinget sin talarstol. Stang vart og talsmann for at pressa skulle verte organ for offentleg meiningsbryting. Her stilte han seg på sida til dei som kjempa for retten til frie ytringar, og mot kongen sitt ynskje om å kontrollere offentlegheita.

Det tredje element handla om politisk leiarskap. Stang tala her for det som har vorte kalla "demokratisk elitisme". Regjeringa var i for stor grad ein passiv administrator, og kunne lite drive staten framover, meinte han. Botemiddelet var for Stang ein sterkare elite, folk med "høyere innsikt i samfunnsforholdene", men temma av den offentlege meiningsdanninga.

Det var med bakgrunn i denne ideologien at Stangs ministerium dreiv moderniseringa av Noreg framover.

Notar endre

  1. De nasjonale strateger, Rune Slagstad

Bakgrunnsstoff endre

Litteratur endre

  • Seip, Jens Arup: Et regime foran undergangen. Oslo: Johan Grundt Tanum, 1945.
  • Svare, Bjarne: Frederik Stang. Oslo: Aschehoug, 1939–1950.