Frederik Wilhelm Stabell

norsk politikar

Frederik Wilhelm Bruenech Stabell (25. mai 17632. juni 1836) var ein norsk offiser og eidsvollsmann.

Frederik Wilhelm Stabell

Fødd25. mai 1763
Hole
Død2. juni 1836 (73 år)
Statsborgar avNorsk
PartiUnionspartiet
YrkeOberstløytnant og seinare
generaladjutant for Karl III Johan
Utdanna vedKrigsskolen
VervMedlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
Alle verv
  • medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll (1814–1814) Sjå dette på Wikidata

Stabell var overjeger ved søndenfjeldske gevorbne infanteriregiment 1777. Åra 1780-83 var han elev ved den matematiske skulen (krigsskulen) i Christiania, vart ved avgangen frå skulen tildelt medalje for «Dyd og Flittighed». Han slutta då med krigsteneste for ei tid, men gjekk inn i teneste att som underoffiser ved slesvigske infanteriregiment. I 1785 vart han overført til det nyoppretta holstenske jegerkorps. Året etter vart han fenrik ved kongsvingerske lette infanterikompani, som i 1788 vart del av det nyoppretta norske jegerkorps. Han fylgde dette under felttoget same året, avanserte kort etter til premierløytnant, vart 1796 stabskaptein, 1801 kompanisjef og 1807 major.

Stabell fekk under krigen 1808 Ridderkorset av Dannebrogordenen, for å ha utmerkt seg ved Trangen (25. april) og Jaren (18. mai). Stabell tenestegjorde her ved oberst Bernhard Ditlef Staffeldt si brigade, der han var stabssjef. Same året vart han kommandant for norske lette infanteribataljon, medan han stadig beheldt jegerkompaniet. 1809-10 var han kommandant ved Kongsvinger festning og deretter tilknytt det nyoppretta akershusiske skarpskyttarregiment, der han i 1811 vart oberstløytnant.

I 1814 vart Stabell vald som deputert til riksforsamlinga både frå regimentet og frå Smaalenenes amt, representerte fyrstnemnde. På Eidsvoll høyrde han til grev Wedel sitt parti og vart innvald i konstitusjonskomiteen. Spela elles inga framståande rolle.

Under felttoget mot Sverige same året førte Stabell kommandoen over 3000 mann mellom Enningedalen og Krokfoss. Han mottok støtet av svenskane si overmakt og dekte retretten for Staffeldts og Diderich Hegermanns brigadar. Både 5. august ved Kjølen og 6. august ved Rakkestadelva leia han baktroppane i stridshandlingar. 11. august måtte Stabell med sine til dels sterkt medtekne troppar, til saman 4000 mann, uthalde eit overlegent angrep ved Trøgstad kyrkje, før han i god orden trekte seg tilbake over Glomma ved Fetsund.

Etter krigen vart Stabell adjutant hos kronprinsen og i 1815 utnemnd til tenestegjerande generaladjutant for hæren og sjef for generalstaben. År 1818 vart han oberst og sjef for den nyoppretta 2. akershusiske infanteribrigade. Same året vart han generalmajor, 1821 generalløytnant og 1833 general. Frå 1825 var han fyrsteadjutant hos kongen og sjef for den norske staben hans. I 1829 var han øvstkommanderande general i kongens fråvære.

Dekorasjonar endre

Stabell var innehavar av Serafimerordenen, Dannebrogordenen, Vasaordenen og Nordstjerneordenen.

Kjelder endre