Frednesbrua

klaffebru i Porsgrunn

59°08′05″N 009°37′46″E / 59.13472°N 9.62944°E / 59.13472; 9.62944

Frednesbrua sett oppstrøms frå austsida.

Frednesbrua er ei klaffebru av betong på Fv354 i Porsgrunn kommune i Telemark. Brua kryssar Porsgrunnselva der Skiensvassdraget munnar ut i Frierfjorden. Brua er 461 meter lang med eit hovudspenn på 60 meter. Fri seglingshøgd ved normal vasstand er 13 meter.

Brua hadde kosta 102 millionar da ho stod ferdig i 1995. Ho har eit hydraulisk lyftesystem, som ein hadde lite erfaring med i Noreg. Problem med dette, i tillegg til direkte feilkonstruksjonar, gjorde at ein fram til 2000 brukte ca. 4 mill. kroner ekstra på å halde brua i gang, i tillegg til normale driftskostnader. I 2001 blei brua bygd om for 33 millionar, og ho har etter det fungert utan større problem.

Brua blei opphavleg kalla Kulltangen bru, men blei omdøypt til Frednesbrua.

Sjå også endre