Fredrik

mannsnamn

Fredrik og Frederik er skandinaviske mannsnamn sett saman av 'fred' og -rik, 'herskar', 'mektig'. Fredrik har norsk namnedag den 14. november.

Namnetrekket til Friedrich Schiller.

Dei eldste formene av namnet er gammaltysk Frithuric og angelsaksisk Freodheric. Ein finn att namnet som forledd i nokre eldre norske stadnamn, noko som tyder på eit tilsvarande norrønt namn, men dette er ikkje kjend. Ein kjenner til bruk av namnet i Noreg sidan om lag 1060.

Namna har ei rekke ulike skrivemåtar, avleidde former og kortformer. På tysk er det Friedrich og Friederich, på engelsk Fredric(k) eller Frederick, på fransk Frédéric, på italiensk Frederico eller Federico, osb. Kortformer er mellom anna engelske Fred og Freddy, norske Frikk og tyske Fritz. Kvinnenamn forma av Fredrik er mellom anna Frederica, Fredrikke, Frida og Rikke.

Bruk endre

Fleire kongar, keisarar og adelsmenn har hatt dette namnet, noko som har hjelpt utbreiinga.

Kjende namneberarar endre

Regentar endre

 
Kongemøtet i 1709 mellom Fredrik I av Prøyssen, August II av Polen og Fredrik IV av Danmark.

Fredrik (dansk stavemåter Frederik) er namnet på fleire danske regentar:

Fredrik er namnet på to svenske regentar:

Fredrik er også namnet som blir brukt på norsk om tyske regentar som eigentleg heitte Friedrich:

Andre endre

 
Minneplakett for Frédéric Chopin i Wien.

Sjå òg endre

Kjelder endre