Fredrik Vilhelm I av Brandenburg

Fredrik Vilhelm (tysk Friedrich Wilhelm) (16. februar 162029. april 1688) var kurfyrste av Brandenburg og hertug av Preussen – og dermed herskar av Brandenburg-Preussen – frå 1640 fram til han døydde. Han kom frå Huset Hohenzollern og vart òg omtalt som «Den store kurfyrsten» (Der Große Kurfürst) på grunn den militære og politiske dugleiken. Fredrik Vilhelm var ein trufast kalvinist. Han såg kor viktig det var med handel og hjelpte handelen mykje. Dei kloke reformene hans i landet gav Preussen ei sterk stilling i den politiske ordenen nord i Mellom-Europa etter Westfalen og gjorde Preussen klart til å bli opphøgd frå hertugdøme til kongedøme, noko som skjedde under etterkomaren hans.

Fredrik Vilhelm I

Kurfyrsten av Frans Luycx
Kurfyrste av Brandenburg
Regjeringstid1. desember 1640 - 29. april 1688
Fødd16. februar 1620
FødestadStadtschloss i Berlin i Preussen
Død29. april 1688 (68 år)
DødsstadStadtschloss i Potsdam i Preussen
GravstadBerliner Dom
FøregangarGeorg Vilhelm
EtterfølgjarFredrik Vilhelm I
Gift medLuise Henriette von Oranien, Dorothea Sophie av Slesvig-Holsten-Sønderborg-Glücksborg
DynastiHohenzollern
FarGeorg Vilhelm
MorElisabeth Charlotte av Pfalz
BornKarl Emil av Brandenburg, Fredrik I av Preussen, Philipp Wilhelm, Maria Amalia, Albrecht Friedrich von Brandenburg-Schwedt, Elisabeth Sophie av Brandenburg, Christian Ludwig av Brandenburg-Schwedt, Karl Philipp von Brandenburg-Schwedt, Ludwig von Brandenburg, Wilhelm Heinrich von Brandenburg, Amalia von Brandenburg, Heinrich von Brandenburg, Dorothea von Brandenburg

Han var son av kurfyrsten Georg Vilhelm. Målet hans var å samle og avrunde det tredelte riket sitt, som bestod av Aust-Preussen, Brandenburg og Kleve, og skape eit sterkt monarki. I 1648 vann han Bak-Pommern, i 1660 vart Aust-Preussen løyst frå polsk lensherredøme. Frankrike hindra han derimot i 1679 frå å erobre Svensk Pommern, trass i sigeren ved Fehrbellin i 1675.

Den dynastiske politikken hans svinga mellom Frankrike og Austerrike, og indirekte styrkte han det protestantiske Tyskland. Internt kua han adelen, reformerte skattevesenet, skapte ein sterk hær, hjelpte næringslivet opp ved postvesen og kanalar, og innkalla franske hugenottar, særleg for å fremje industrien. Han bygde òg opp ein flåte og byrja koloniseringar. Som regent, feltherre og diplomat var han dugande, og han var den verkelege grunnleggjaren av den prøyssiske staten.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fredrik Vilhelm I av Brandenburg