58°59′48″N 10°02′21″E / 58.99667°N 10.03917°E / 58.99667; 10.03917

Fredriksvern

Kart
Fredriksvern
58°59′48″N 10°02′21″E / 58.99666667°N 10.03916667°E / 58.99666667; 10.03916667

Fredriksvern er ein tidlegare orgolgsverft og marinestasjon i Stavern i Vestfold fylke, og vart reist på kongeleg ordre i 1750 under namn av Fredriksværn Værft for bygging av galeiar. Som vern vart det reist voll, citadell og seks batteri mot sjøsida, og mot landsida vart det 1788–90 bygd tre blokkhus. Fredriksvern var hovudstasjon for Marinen fram til 1850, då verftet vart flytta til Karljohansvern i Horten, som 1818 var valt til ny hovudstasjon. I 1816 vart det bestemt å opprette ein norsk sjøkrigsskule, Søcadet-Institut, i Fredriksvern, som opna 1817 og låg her til han 1864 vart flytta til Horten.

Fredriksvern: Til venstre verkstadbygning. I bakgrunnen vakt og kommandantbustad.
Foto: Mahlum, 2006
Frederiksværn i Norge. Illustrasjon frå boka Nordiska taflor av ukjend forfattar og utgjeve av Albert Bonnier i 1867.

Fredriksvern vart lagt ned som marinestasjon og anlegga vart tekne over av Hæren i 1896. Anlegget vart brukt som øvingsplass for Krigsskolen inntil Luftvernregimentet tok over i 1934. Tyskarane bygde eit kystbatteri ved Rakke og hadde forlegning i Stavern 1940–45. I 1946 tok Luftvernartilleriet igjen over anlegga, som vart utvida til skulesenter for Luftforsvaret. Luftforsvarets skulesenter vart lagt ned i 2002.

I dag vert anlegget forvalta av Forsvarsbygg ved Nasjonale Festningsverk. Blant fleire verksemder på Fredriksvern finst Justissektorens kurs- og øvingssenter, Sjøheimevernet og Redningsselskapet. Det er etablert fleire galleri og museum på området.

Kjelder endre

«Fredriksvern, tidl. orlogsverft og marinestasjon» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre