Fremre augekammer

Det fremre augekammeret (av latin camera anterior bulbi oculi) er eit væskefylt rom inni auga som ligg mellom regnbogehinna og den inste endoteliale overflata av hornhinna.[1] Kammeret er fylt av ei væske som blir kalla kammervatn. Hyfema og glaukom (grøn stær) er dei vanlegaste patologiane i dette området. Ved hyfema blir kammeret fylt av blod. Ved glaukom har det oppstått ei blokkering i Schlemms kanal slik at kammervatnet ikkje klarar å renne ut. Opphopinga av væske fører til auka intraokulært trykk og etter kvart blindskap. Djupna på kammeret plar å vere mellom 2,5 mm og 3,5 mm, og viss kammervinkelen er mindre enn 2,5 mm djup kan det føre til glaukom med lukka kammervinkel.

Den fremre delen av auga. Det fremre augekammeret er vist til høgre.
Skjematisk framstilling av menneskeauga

Eit særmerkt trekk ved det fremre augekammeret er at det har nedsett immunrespons mot allogene transplantat. Denne eigenskapen er kjent som anterior chamber associated immune deviation (ACAID), og blei introdusert i 1981 av Streilein m.fl.[2][3]

Patologi endre

Fleire bilete endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Cassin, B. and Solomon, S. (1990). Dictionary of eye terminology. Gainesville, Fla: Triad Pub. Co. ISBN 0-937404-33-0. 
  2. Streilein JW, Niederkorn JY (Mai 1981). «Induction of anterior chamber-associated immune deviation requires an intact, functional spleen» (PDF). J. Exp. Med. 153 (5): 1058–67. 
  3. Joan Stein-Streilein, Ph.D. Arkivert 2015-02-11 ved Wayback Machine. Research story. Vitja 10. februar 2015.

Bakgrunnsstoff endre

Bilete: Sagittalsnitt gjennom augeballen University of Michigan Medical School

  Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.